Røyst er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift som skal vere ei plattform for diskusjon og nyvinning på tvers av partilinjer på venstresida. Tidsskriftet er basert i Bergen og ynskjer å styrke politisk initiativ på Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn.


Temaskildring for Røyst #11


Det er alvorleg no. Den kapital- istiske verdsøkonomien er på kollisjonskurs med grunnlaget for liv på planeten. Fjoråret var eit av dei varmaste åra som har blitt registrert nokon gong, og dei totale drivhus- gassutsleppa aldri har vore høgare. I følgje Paris-avtalen må verdas totale utslepp halverast innan 2030 såframt 1,5-gradarsmålet skal nås, sam- stundes som scenariane som dannar grunnlaget for dette føreset teknologiske nyvinningar som enno ikkje eksisterer.

Endringane er her allereie. Katastrofale skog- brannar og ekstreme stormar har blitt den nye normalen, og ferske rapportar synar korleis isbrear frå Antarktis til Himalaya smelter i rekordfart.

Dette er ei dystopisk, nær deterministisk, framtidsforteljing – som det er uaktuelt for venstresida å ignorere. Korleis kan vi mobilisere eit reelt politisk alternativ, som både tek for seg årsakene og konsekvensane av denne katastrofa, men som samstundes fører til ei meir politisk, økonomisk og sosialt rettferdig verd?

Eit brennande spørsmål er om den globale marknadsøkonomien tillèt gjennomføringa av ei energiomstilling og redusering av utslepp

som både er radikal og rask nok, eller må det større samfunnsmessige transformasjonar til?

Kan vi forvente å auke, eller i det heile opprett- halde, noværande nivå av produksjon og velstand dersom vi skal klare å stille om i tide? Kva er det med menneskeleg psykologi, eller den post- moderne mentaliteten, som gjer det mogleg for menneskeslekta å bevisst øydeleggje den einaste planeten vi har å bu på?

Klima- og miljøkatastrofa rammar svært urett- ferdig. Dei fattigaste i verda er også dei som blir hardast ramma av konsekvensane. I ei tid der proteksjonismen er på frammarsj, òg innad venstresida, krevst nye forslag til korleis vi kan skape ein politikk og ei omfordeling som er rettferdig i ein global kontekst. Korleis kan verda einast om rettferdige løysingar, samstundes som desse avgjerslene er demokratisk forankra?

På nasjonalt plan tek fleire debattar stad. ACER-debatten, deponering av industriavfall og olje- og gassnæringa si framtid er alle spørsmål som splittar dei politiske partia og fagrørsla. Spørs- målet om kor mykje norsk arbeidarklasse skal ofre for global kilmarettferd heng over fleire av venstresida sine diskusjonar om europeisk omstilling.


Dette er berre nokre få inngangar til temaet. Vi tek hjarteleg imot alt frå kunstneriske bidrag til sak- prosatekster på post@royst.no. Vi er òg opne for andre innspel, dersom du til dømes har spørsmål eller berre vil lufte ein idé. Fristen for å sende inn tekstidéar til denne utgåva er 10. mars. Publiserte tekstar på meir enn 3000 ord blir honorert med 2000 kr.

Ansvarleg redaktørar: Jenny Nygaardsmoen og Johan Elfving.