top of page
Bli med i redaksjonen?

Vi har stadig bruk for gode og engasjerte hoder i redaksjonen som ynskjer å utvikla prosjektet Røyst vidare. Som medlem av redaksjonen kan ein arbeide med eit bredt spekter av oppgåver, frå tekstkorrektur og innhaldsproduksjon til meir kreative, sjølvstendige prosjekt. Redaksjonen arbeidar på friviljug basis og held til i Bergen. Send ein kort tekst om deg sjølv til post@royst.no.

Støtt Røyst økonomisk

Røyst er eit idealistisk prosjekt som arbeidar for å samla ein slagkraftig venstreside om framtidas radikale politikk. Vi tilhøyrar ikkje noko einskild parti, og får heller ikkje store summar frå einskilde organisasjonar. Difor utgjer alle økonomiske bidrag ein stor forskjell. Vi set stor pris på om du eller din organisasjon vil gi oss eit bidrag. Røyst sin konto er 3633.54.45591 

Ein kan også støtte oss ved å kjøpa organisasjons-abonnement eller kjøpa annonser i tidsskriftet.

Skriv for oss

Vi er alltid på utkikk etter nye, gode skribentar, og har eit særleg mål om å lyfte fram nye, interessante stemmer i samfunnsdebatten, særskilt med vekt på Vestlandet. Har du ein skribent i magen, men er ikkje heilt sikker på korleis du bør gå fram? Ta kontakt med oss. Om vi tykkjer ideen passar til tidsskriftet, kan redaksjonen hjelpa med å utforme teksten frå idestadie til ferdig tekst. 

​

Les våre retningsliner for skribentar her.

Idear til tidskriftet?

Vi tek gjerne i mot idear til kva vi bør omtala i Røyst. Har du tankar om hva for slags tema, tekster eller skribentar vi bør ha? Ikkje nøl med å tipsa oss på post@royst.no.

bottom of page