top of page

Retningsliner for Røyst-skribentar

Rett til bruk av tekst og innhald:
Tidsskriftet Røyst publiserer tekster og anna innhald på både nett og papir. Vi tek atterhald om eksklusivitet, det vil seie at vi ikkje trykker tekster som har vore trykt i andre publikasjonar. I tilfelle kor ein vil publisera teksten andre stader etter at han har vore på trykk i Røyst (i sin heile eller redigerte form), skal Røyst krediterast og informerast i forkant. Vi legg ut eit utval av tekstene på Røyst sine nettsider etter at teksten har vore publisert på papir. Vi set pris på om du som forfattar vil hjelpa til med å spreia desse tekstene.

​

Røyst kan ta kontakt med aviser og publikasjonar med føremål om sampublisering eller trykking av tekster. Om teksten din vert aktuell for dette, vil dette avklarast nærare mellom avisa og deg som forfattar. Om du ikkje ynskjer at teksten din skal vurderast for slike føremål, må du gje oss melding om dette tidleg i arbeidsprosessen med nummeret.

​
 

Arbeidsprosess
Tekstene til Røyst vert som regel til gjennom eit nært samarbeid mellom forfattar og redaktør(ar), og Røyst sin redaksjon er her for å hjelpa til å gjera resultatet så bra som mogleg. Nokre tekster kjem til oss nesten ferdig, medan andre kunn er på idéskissestadiet. Det er vanleg at ein tekst går gjennom 2-3 korrekturrundar før han er ferdig.

​

Det er vanleg at ein vert einig om ei ramme for lengda på tekstene, men lengda kan ofte òg verta tilpassa til teksten sine behov og dei poenga ein ynskjer å få fram. Vi skal ha rom til å trekkje lange liner, men det er ikkje naudsynt å skriva langt berre for å skriva langt – snarare tvert i mot. Om du kan få fram det du vil seia på kort plass, er det berre bra. Unngå fyllord, irrelevante poeng og gjentakingar – dette bidreg berre til å frustrera lesaren og distrahere frå hovudpoenget. Om du prøver å seia for mykje, vil du få tilbakemelding får redaktørane om å kutta ut nokre av poenga og fokusera på resten. Hugs den raude tråden – kva er det eigentleg du prøver å seia?

​

Redaktørane for teksten din gjev deg grundige tilbakemeldingar, og vi oppmodar om at du arbeidar godt med kommentarane. Dei vert gjeven i beste meining. Ver klar over at vi ikkje er forplikta til å trykke noko om vi ikkje er nøgd med kvaliteten, og at vi når som helst kan ta ein slutning om å droppe ein tekst - også seint i prosessen.

​

Etter at teksten er endeleg godkjent av både oss og deg, kjem ikkje redaksjonen til å gjera vesentlege endringar, men vi tek oss retten til å rydde opp i språklege feil, endra på titlar og ingress, og plukka ut sitat.
 

​

Referansar:
I Røyst brukar vi forenkla Chicago-stil med fotnotar, utan referanseliste på slutten. Vi har heller ikkje med hyperlenkjer på trykk (men inkluder dei gjerne til nett-versjonen). 


I første fotnote skal heile det omtalte verket stå slik (for bøker):

  • Etternamn, Fornamn. Tittel. Utgiversted: Forlag, årstall.

  • Eksempel: Klass, Morton. Ordered Universes: Approaches to the Anthropology of Religion. Boulder: Westview Press, 1995.

 

Andre gang det omtalte verket refereres til skal det stå i ‘kortform’ (for bøker):

  • Etternamn, Korttittel (Utgiversted: Forlag, år), sidetall.

  • Eksempel: Klass, Ordered Universes (Boulder: Westview Press, 1995), 125

 

Fleire døme:


Kapittel i redigert bok

  • Etternamn, Fornamn. «Kapitteltittel». I Boktittel, redigert av Fornamn Etternamn, sidetall for kapittel. Utgiversted: Forlag, årstall.

  • Eksempel: Åsebø, Sigrun. «Griselda Pollock». I Kjønnsteori, redigert av Ellen Mortensen, Cathrine Egeland, Randi Gressgård, Cathrine Holst, Kari Jegerstedt, Sissel Rosland og Kristin Sampson, 272–278. Oslo: Gyldendal akademisk, 2008.

  • Exempel korttitel: Åsebø, «Griselda Pollock», 273–274.

 

Artikkel i trykt tidsskrift

  • Etternamn, Fornamn. «Tittel». Tidsskrifttittel Årgang, Nummer (årstall): sidetall.

  • Eksempel: Melve, Leidulf. «Komparativ historie: Ei utfordring for historiefaget?». Historisk tidsskrift 88, nr. 1 (2009): 61–77.

  • Eksempel korttittel: Melve, «Komparativ historie», 66.

 

Artikkel i nettavis

  • Etternamn, Fornamn. «Artikkeltittel.» Avistittel. Dato.

  • Eksempel: Røyrane, Eva. «Hanseatene kommer tilbake.» Bergens Tidende. 11.05.2003. (NB, ingen hyperlink!). 

  • Eksempel korttittel: Røyrane, «Hanseatene kommer tilbake».

 

For meir info om denne stilen, sjå:

https://sokogskriv.no/kildebruk-og-referanser/referansestiler/chicago-fotnoter/

 

 

Målform
Røyst nyttar nynorsk som hovudmål, og vi ynskjer å ha så mange nynorske tekster som mogleg. Om du kan og vil skriva på nynorsk, set vi pris på det, men vi trykker tekster på begge målformer.  


Sitat
Vi brukar sjevronar  («») som sitatteikn og hermeteikn, ikkje gåseteikn (""). Dette brukast både i sitat, ord som skal uthevast, markerast eller som bryt med den språklege norma, og titlar som skal ha hermeteikn (til dømes dikt, musikkverk, artiklar og rapportar).  Er sitatet på meir enn 30 ord, markerast det med innrykk.



Tal
Som hovudregel skriv vi tala til og med tolv med bokstaver, og høgare tal med siffer (men vi skriv tjue, tretti og sytti). Om du skriv om både høge og låge tal samstundes, samkøyrer du skrivemåten.

Vi skriv 7,1 millionar, ikkje 7.1 millionar.

Vi skriv 500 000, ikkje 500.000.

Vi skriv som regel 15 prosent, ikkje 15 %.

Vi skriv klokkeslett med punktum, ikkje kolon: 12.30, ikkje 12:30.
 


Klarspråk
Vi ynskjer eit så presist og klart språk som mogleg. Ver bevisst bruken av framandord og fagterminologiske forkortingar. Ikkje forvent at alle veit kva du pratar om. Kryptiske eller uforståelege ord skapar berre frustrasjon hjå lesaren, og bidreg ikkje til å få poenget ditt fram. Bruk enklare ord om du kan. Om du brukar eit fagterminologisk ord ein ikkje kan forventa at ein vanleg person i gata veit kva er, så forklar ordet godt første gong du brukar det.

​

Vi unngår «i forhold til» dersom det ikkje vert nytta i betydninga «samanlikna med» (og også i desse høva kan ein godt gjerne heller bruka «samanlikna med»). Vi unngår også «når det kommer/kjem til». Bruk heller «på», «om» «når det gjeld», «med tanke på», «angåande», «i forbindelse med» eller andre passande ord og uttrykk.

 


Forkortingar
Vi skriv ord fullt ut og unngår forkortingar så fremt det gjev meining.

Vi skriv «til dømes», «for eksempel» og «blant anna», ikkje «t.d.», «f.eks.» eller «bl.a.»

Vi skriv «og så vidare» eller «et cetera», ikkje «osv» eller «etc».

Vi skriv «kroner», ikkje «kr». «Cirka», ikkje «ca»

​

 

I ein ferdig eller nesten ferdig tekst kan du gjerne gjera framlegg om følgande:

Ein tittel (og gjerne ein undertittel) som er kort, konsis og skapar merksemd.

Ein ingress på ein til to setningar, som gjerne stiller eit spørsmål, vekkjer interesse eller gjev lesaren lyst til å forsetja å lesa (du treng ikkje oppsummera eller konkludera teksten din her).

Mellomoverskrifter i teksten som let lesaren orientera seg og skjøna kva dei ulike avsnitta handlar om.

bottom of page