top of page
Om Røyst

Røyst er tidsskriftet som samlar ein slagkraftig venstreside om framtidas radikale politikk. Vi er basert i Bergen og ynskjer å styrka politisk initiativ langs heile Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn. 

Røyst er del av ein intellektuell offensiv frå venstresida. Vi er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift som er ein plattform for diskusjon og nyvinning på tvers av partilinjer. Generelt er det svært få politiske publikasjonar med nasjonal slagside som kjem utanfrå hovudstaden, og endå færre som byggjer under ei brei og ei inkluderande venstreside. Røyst fyller difor både eit politisk og geografisk tomrom.


Frå sommaren 2020 kjem Røyst ut fire gongar i året. Vi har også ein eigen podcast, Radio Røyst, arrangerar arrangement, skriv meiningsytringar mellom numra og kan gjennomføra andre, meir sjølvstendige prosjekt. Vi får økonomisk støtte av Norsk Kulturråd, Kulturstyret i Bergen og Fritt Ord. Vi er avhengig av gode støttespelarar for å kunne drifta, og vi tek svært gjerne imot fleire økonomiske bidrag. Særskild ynskjer vi tett kontakt med fagrørsla.

​

Røyst vert driven av ein friviljug redaksjon på i underkant av ti medlemmer, med ein tilsett administrasjonssekretær. Dei fleste redaksjonsmedlemane i Røyst er studentar eller tidlegare studentar med ulik fagbakgrunn og røynsle frå organisasjon, politikk og kultur. Vi er alltid opne for nye engasjerte medlemar som ynskjer å utvikle tidsskriftet vidare. Ta kontakt med oss på post@royst.no om du er nysgjerrig.

Ein kan tinga Røyst som privatperson eller som organisasjon. Om du vil selja Røyst i din bokhandel eller utsal, kan du bestilla numre hjå post@royst.no. 

bottom of page