top of page
Røyst #23: Vestlandet




Teikn abonnement no eller sjå kor du kan kjøpa einskildnumre.

Temaskildring

 

Vi søkjer bidrag til neste nummer: Tidsskriftet Røyst fyller ti år i 2023, og dette tenkjer vi å feire med eit jubileumsnummer om den delen av verda som ligg oss nærast – med andre ord Vestlandet og alt dét inneber. Vår landsdel har tidvis vore dominant i norsk samanheng, men dyrkar i dag ein identitet knytt til periferien og som kontrast til sentrum. Trass i denne (delvis) sjølvpålagde utdefineringa, bidreg landsdelen sterkt, både kulturelt og ikkje minst økonomisk. 

 

Der finst tusen meiningar om kva Vestlandet er og har vore, og eit interessant spørsmål i den samanhengen kan vere kor mykje av desse tankane som har rot i røynda, og kor mange av dei som er mytar. Er det til dømes sant, slik som ein ofte høyrer, at Vestlandet er meir sosialt utjamna enn Nord- og Austlandet - og dersom det var slik historisk sett, er det slik framleis? Er den sjølveigande fiskarbonden ei myte, eller var han verkeleg noko anna enn den austnorske husmannen? Har dette i så fall konsekvensar for forholda i dag?  

 

Mytene vil óg ha det til at Vestlandet er Noregs råvareprodusent, og at primærnæringane står sterkare her enn på det serviceorienterte Austlandet. Der Oslo-folket lever av “å klippe kvarandres hår”, lever vestlendingen av fiske, olje og jordbruk. Ideen om ressursane som vert støvsugd ut av periferien, og endar opp med å finansiere sløseri i sentrum, går igjen frå det mentale biletet vi har av dansketida. Er dette biletet ekte, eller har vi laga oss eit mini-København av Oslo? 

  

Korleis Vestlandet ser ut i dei andre landsdelenes auger, kan óg vere interessant. Er det framleis slik at sjarkfiskarane nord i landet ser på dei vestlandske trålarane som uttrykk for søring-kolonialisme? Og er Vestlandet framleis eksotisk og uforståeleg for Osloværingane? 

 

Alt dette er berre forslag til kva ein kan skrive om. Dersom du har ein tekst eller ein idé, send han gjerne inn til: post@royst.no

 

Vi tek óg imot illustrasjonar, fotografi og skjønnlitterære tekstar.

bottom of page