Leiar, Røyst #19-20


Tema: Latin-Amerika



I dette nummeret har me ønska å utforska Latin-Amerika kulturelt, historisk og politisk, og forsøke å gje regionen den merksemda det fortener.


Då me skreiv tekstlokkaren til bladet rundt juletider i fjor, var eit av hovudspørsmåla våre: Ser me konturane av ei ny “rosabølge” – venstresidebølge – i Latin-Amerika? Land etter land på kontinentet har sidan fått ei venstreregjering. Det siste store slaget skal stå i Brasil no i haust, der det står mellom arbeidarpartiet sin kandidat Lula da Silva og ytre-høgre kandidaten Jair Bolsonaro.


Desse realitetane tener derfor eit viktige aktualiserande poeng for utgjevinga av bladet. Likevel meiner me bidraga i bladet handlar vel så mykje om fortid som notid, samstundes som dei peiker ut ei mogleg framtid. Målet med “Latin-Amerika” har vore å sjå det internasjonale i det lokale, og sjå det internasjonale med utgangspunkt i det lokale. Eit anna mål var å å lage eit blad som innheld eit mangfald av tekstsjangrar, tema og fagfelt.


Du kan lese meir om Rosabølga i teksten til Einar Berntzen. Han gir ei brei oversikt og innføring i den politiske utviklinga som har vore på kontinentet dei siste åra.

I redaksjonsmedlem William Sem Fure sin tekst kan du lese om norske fiskarar i Argentina og korleis fiskekvoter utanfor Antarktis og Argentina er utsett for ein interessekamp mellom Storbritannia, EU, Russland og Noreg. I Anne Margrethe Sønneland sin tekst kan du lese om rettsprosessane mot den peruvianske, kommunistiske geriljagruppa “Lysande sti”.


I sommar valte Colombia ein president frå venstresida for første gong, som var ei stor overrasking for mange. Peder Ressem Østring har lese valprogrammet til nyvald president Gustavo Petro, og gir oss ein informert analyse av den politiske situasjonen i landet etter venstresigeren i sommar. Anna Nordereide rapporterer om skogbrannar og klimaendringar i Argentina, i eit intervju med Buenos Aires-busette Micaela Oroz.


Redaksjonsmedlem Vemund Norekvål Knudsen samtaler med Håkon Tveit, initativtakar bak filmfestivalen CineLatino. Her kan du lese om filmen og kunstens revolusjonære potensiale, og slik få eit innblikk i den politiske situasjonen på Cuba i dag. Katie Aatland har bidrege med ei form for koronadagbok og reiseskildring frå Latin-Amerika, i eit format som minner om kollasj eller fotoalbum.

Som vanleg er det også skjønnlitterære bidrag til bladet. Kjartan Fløgstad bidreg med omsetjingar av ein ode av Pablo Neruda og tre tangoar av Horacio Ferrer.

Redaksjonsmedlem Emil Perron har føretatt den første norske omsetjinga nokon gong av den haitiske forfattaren Jacques Roumain (1907-1944).

Me er også veldig glade for at me har fått norsk-chilenaren og Bergens-artisten Pablo Tellez, også kjent som Boy Pablo, til å illustrera bladet for oss.


På grunn av store utskiftingar i redaksjonen og endra livssituasjonar har bladet tatt lang tid å lage. Me meiner ventetida har vore verdt det, og vonar lesarane våre er samde med oss. Me er nøgde med å få gi ut eit blad me meiner lever opp til Røyst sin stil og føremål. Dette blir det siste bladet for Vemund, som har vore med i redaksjonen sidan 2019. Vemund vil derfor nytte moglegheita til å takke for seg. Thor Olav, som er ein av grunnleggjarane av tidsskriftet, vil halde fram som styreleiar, men bidra mindre redaksjonelt. Emil Perron og William Sem Fure blir med på ferda vidare, saman med ei rekke nye redaksjonsmedlem som er nye av i haust.


Neste år feirer Røyst 10 år. Me annonserer derfor no at det er duka for ei relansering og omstrukturering av Tidsskriftet Røyst. Så her er det berre å følgje med, og me ønsker og vonar alle lesarar og abonnentar vil vere med på ferda vidare!


Venleg helsing,

Redaksjonen