top of page

Film og Revolusjon - litt om latinamerikansk film


Biletet er henta frå filmen Utama frå 2022, som blei vist på Cinelatino i mars.



I mars i år gjekk filmfestivalen Cine Latino av stabelen. I det høvet har Vemund Knudsen (VK) i redaksjonen snakka med festivalleiar i og initiativtakar til Cine Latino – Håkon Tveit (HT). Det enda opp som ein samtale om kunstnarisk fridom og sensur, Latin-Amerika som eit alternativ til Hollywood og filmens revolusjonære potensiale i lokal og internasjonal politikk.


Håkon Tveit er universtslektor i spansk og latinamerikastudiar ved Universitetet i Bergen. I Bergen er dette eit tverrfagleg studium, meir eit områdestudium enn eit reint språk- og litteraturstudium. Dette opnar for mange ulike innfallvinkler til det spanske språket og det latinamerikanske kontinentet. Håkon skreiv til dømes masteroppgåve om cubansk film. Han har også reist til Cuba fleire gonger, i tillegg til andre land på kontinentet, mellom anna for å delta på ulike filmfestivalar.

Håkon er initiativtakar bak Cine Latino. Han fortel med entusiasme at Latin-Amerika er eit kontinent med ein aktiv og variert filmkultur. Han beskriver likevel latinamerikansk film som systematisk underkjent blant publikum og meldarar. Etter lang tids irritasjon over at norske kinoar og kinodistributørar ikkje i stor nok grad har gitt plass til film frå Latin-Amerika, ville Håkon ta saka i eigne hender. Han har jobba for BIFFi mange år, som har gitt påverknad på programmet. BIFF har med åra blitt betre på å visa latinamerikansk film, men det var like så greitt å berre starte ein eigen festival dedikert til latinamerikansk film også. Det gjorde han i 2018. På dei få åra Cine Latino har funne stad i Bergen, har det utvikla seg til noko meir enn berre ein filmfestival. Det er blitt ein fullt ut latinamerikansk festival! Gjennom samarbeid med lokale aktørar blir det servert mat, satt opp kunstutstillingar, danseframvisingar og konsertar og halde samtalar om ulike høve i Latin-Amerika og for latinamerikanarar i Bergen.


VK: Kvifor fortener latinamerikansk film ein eigen festival?

HT: «Latin-Amerika er eit kontinent som har dobbelt så stort befolkningstal som Nord-Amerika og kontinentet har ein lang og stolt filmtradisjon. Ikkje berre blir det produsert mykje film der, men kontinentet har fostra fleire kjende regissørar av internasjonalt format.»


Håkon viser også til at ein del av dei som blir kjende, ofte gjer det fordi dei lagar engelskspråklig film, eller i alle fall ikkje slår igjennom før etter dei blir tatt inn i varmen av Hollywood. Dette har lenge vore ein realitet, og eit problem vil nokon kanskje hevde, i filmverda: det er Hollywood som set premissa og gjer utvalet for kva som blir vist i Vesten. Håkon nemner særleg til dei tre meksikanske regissørane som går under namnet «The Three Amigos» i Hollywood, som døme: Alfonso Cuarón, Guillermo del Toro og Alejandro González Iñárritu, kjent for å ha regissert alt frå Harry Potter, Hellboy og Blade, filmar med Leonardo DiCaprio som medverkande eller meir kunstnariske filmar som Oscar-vinnaren Roma (2018). Det er altså utan tvil snakk om at det kjem regissørar og film av høg kvalitet frå Latin-Amerika, som likevel blir nedprioriterte til fordel for Hollywood og engelskspråkleg film.


VK: Men vil du ikkje seie at dei tre døma her viser at også latin-amerikansk film får ein plass, eller at det i alle fall er moglegheiter også for regissørar her i frå?

HT: «Det er klart at det er marknad for spanskspråkleg film i spesielt USA, der det er fleire titals millionar latinamerikanarar og spansktalande. Likevel er det synd ein på sett og vis er avhengig av Hollywood for å gjere utvalet for oss, eller at Hollywood får sette premissa og kvalitetsstempla. Det er svært mange filmar som går under radaren, og eg meiner kvaliteten er gjennomgåande høg nok til at den latinamerikanske filmproduksjonen kan «stå på eigne bein.» Det er derfor det er så viktig at filmfestivalar så som BIFF og TIFF har eit reelt internasjonalt blikk på film. Det er vel og bra at også ikkje-engelskspråkleg europeisk film blir promotert, men det blir i dag laga film over heile verda. Derfor er også festivalar så som CineLatino og FilmFraSør er så viktige!»


VK: Mange filmentusiastar vil stille seg bak ein påstand om at latin-amerikansk film har vore svært innovativ innanfor filmkunsten. Kan du då kanskje seie noko om kva som er unikt med latin-amerikansk film? Kan du til dømes oppsummera med tre ord?

HT: «Han er høgst engasjert, han er ofte djupt politisk, og dette er ei kjelde til mykje nyskaping og kreativitet. Sjå til dømes til Tercer Cine rørsla!».


Dei fleste kjenner kanskje til «boomen», altså då latin-amerikansk litteratur og den magiske realismen verkeleg slo gjennom i resten av verda med namn som Gabriel García Márquez, Jorge Luis Borges, Julio Cortázar og den politiske diktaren Pablo Neruda, for å nemne nokon. Ikkje like mange veit at det også var ein filmboom i Latin-Amerika. På 60- og 70-talet oppstod det ei filmrørsle kalla Tercer Cine – «Third Cinema», i mangel på eit passande norsk omgrep. Tercer Cine blei stifta i eit manifest – Hacia un tercer cine (Toward a Third Cinema) av dei to argentinske filmskaparane Fernando Solanas og Octavio Getino. Dette var eit av fleire filmatiske «program» som blei skrivne i perioden. Saman med regissørar innanfor den brasilianske Cinema Novo og den cubanske filmen etter revolusjonen (Den revolusjonære kinoen), forsøkte dei å skape ein «Third Cinema». Omgrepet speler på «Third World» og skulle skilje seg frå «First World Cinema» - altså Hollywood - ved å vere aktivt anti-kolonialistisk og anti-kapitalistisk. Dei ville også skilje seg frå den europeiske filmen, som på denne tida gjerne var assosiert med auteur filmen. Auteur-cinema er når ein skriv og regisserer sine eigne filmar, og er knyta til ideen om det skapande, kunstnariske geniet: kort og godt kunstfilm. Third Cinema skulle bryta den mykje meir individualistisk orienterte auteurfilmen ved å knyta seg til og assosiera seg med sosialt og politisk engasjerte prosjekt og rørsler. Ein kan kort og godt seie dei såg revolusjonære og store politiske potensial i filmkunsten.

Omtrent samstundes med Third Cinema-rørsla, som ga kontinentet fleire prestisjeprisar i Cannes og nominasjonar frå Oscar akademiet, har ein døme på auteur-regissørar, så som den chilenske kultfavoritten Alejandro Jodorowsky (1929 - ). I filmar som «syrewestern»-filmen El topo (Muldvarpen, 1970) eller den høgst filosofiske The Holy Mountain (1972), gjorde Jodorowsky seg merka med eit grensesprengjande, surrealistisk og karnevalistisk filmuttrykk proppa full av vald, sex, kropp, ironi og latterleggjering, samstundes som det er fullt av religiøs symbolikk, mystikk, metaforar og metareferansar til kunst, kultur, litteratur og film, i tillegg til å innehalde autofiksjonelle og biografiske element. For veldig mange er Jodorowsky også kjent for kva han ikkje fekk gjort: Ein 14 timar lang filmatisering av Frank Herberts sci-fi roman Dune. Denne filmen skulle mellom anna ha musikk av Pink Floyd og hadde Orson Welles, Mick Jagger og Salvador Dali signert på rollelista. Filmen var finansiert og starta produksjon, men blei forlate då ambisjonsnivået, kanskje ikkje overraskande, var vel høgt for ein Hollywood-produksjon. I følgje myten skal mykje av arbeidet som blei lagt ned i Dune seinare ha blitt overført til klassikarar som Star Wars (1977), Alien (1979) og Blade Runner (1982). Jodorowskys Dune-filmatisering er dermed kanskje den mest innverknadsrike filmen som aldri er produsert.


Som eit moderne døme kan me trekka fram den brasilianske filmen Bacurau (vist på BIFF i 2019). Denne har både brasilianske og amerikanske skodespelarar, så vel som tyske Udo Kier (kjent frå til dømes Avatar) i rolla som skurk. Filmen er ein utruleg sjangerleik, som blandar særeigne brasilianske uttrykk og typiske Hollywood-actionfilmtropar, med det resultatet at filmen presterer å seie mykje om mange ting i ein særs underfundig og underhaldande innpakning. Filmen handlar om ei lita landsby som opplever ei rekke mystiske hendingar. Landsbyen blir mellom anna fjerna frå alle kart og satellitt-bilde, folk forsvinn og fleire blir funne drepne. Etter kvart utviklar situasjonen seg til ein kamp mellom ulike verdar og verdiar, som er ei kamp om overleving for den vesle bondelandsbyen. Det må her bli peika på at landsbyen har ein matriarkalsk maktstruktur. Filmen er med andre ord eit godt døme på korleis den latinamerikanske filmkunsten er både sosialt- og politisk engasjert, samtidig som han er kunstnarisk original og filmatisk av høg kvalitet. Så effektiv var filmens uttrykk, at Bolsonaro-regimet aktivt har motarbeida både regissørane av Bacurau personleg, og har forsøkt å undergrave regimekritisk, brasiliansk filmkunst generelt.


VK: Latin-Amerika er eit kontinent med ein politisk turbulent historie og ei polarisert politisk røynd. Kan du fortelje litt meir om kåra til film og kunstnarar i dag?

Håkon fortel korleis filmen var og framleis er ein fristad for eit kontinent som er godt kjent med sensur, politisk turbulens og undertrykking. Han brukar sjølv døme frå cubansk film:

«Trass i den sensuren og undertrykkinga som finn stad i Cuba, har landet ein utruleg levande film- og kinokultur med eit svært entusiastisk publikum.»


VK: Det er jo svært spennande! Det er jo kjent at Márquez [Gabriel García] var vekse opp med mykje film og hadde dette som ein av hovudinspirasjonane for si eiga skriving. Han skreiv jo til dømes ei dokumentarisk bok om den kjende Chilenske regissøren Miguel Littín, som drog tilbake til Chile under dekning for å dokumentere høva under fasciststyret til Augusto Pinochet. Korleis er dette i Cuba?

Håkon drar kvart år på den latinamerikanske filmfestivalen i Havanna: Fesitval del Nuevo Cine Latinoamericano. Håkon vil her særleg trekke fram to filmar han har hatt stor glede av å sjå, og som godt demonstrerer den politiske slagkrafta i cubansk film: Fresa y chocolate (Jordbær og sjokolade, 1993) og Juan de los Muertos (Juan of the Dead, 2011).

HT: «Jordbær og sjokolade er ofte tilskrive å ha hatt stor påverknad for aksepten ovanfor homofile i Cuba, som blei aukande utover 90-talet. Filmen handlar om den politisk liberalt orienterte og homofile Diego som forelskar seg i ein ung heterofil kommunist, og korleis dei begge gjennomgår ei utvikling frå skepsis og fordommar, til å respektera kvarandre. Filmen er den første og einaste cubanske filmen som er blitt nominert til Oscar for beste utanlandske film. Det er ein svært vakker og banebrytande film alle burde sjå. Det er heilt openbert at Juan of the Dead speler på bade skrekk-klassikaren Dawn of the dead av Robert A. Romero (1978) og Edgar Wrights parodi Shaun of the Dead (2004). Det er ein skrekk-komedie, men akkurat som Dawn of the Dead, er Juan of the Dead ein allegroisk forteljing med mykje eksplosiv samfunnskritikk, som faktisk slapp gjennom sensuren på Cuba. Det er ein zombiefilm lagt til Cuba, der myndigheitene forsøker å skjule zombieproblemet ved å seie dei er dissidentar og utanlandske agentar som gjer opprør mot regjeringa. Det var ein svært valdeleg og morosam filmoppleving, som likevel har dybde.»


VK: Sidan me er inne på Cuba og me har snakka om den tette samanhengen mellom film og politikk i Latin-Amerika: Kan eg spørje deg kva som er den generelle haldninga blant filmskaparar eller andre kunstnarar på Cuba, politisk sett? Det er samfunnskritisk, men er det med det automatisk USA-venleg eller kritisk til ideen om sosialisme?

HT: «Det var stor jubel då Obama løfta på sanksjonane og blokaden mot landet. Det begynte heilt tydeleg å skje ting og det var mykje optimisme blant folk. Det er svært øydeleggjande at Trump reverserte den påbyrja opphevinga av sanksjonane, og at Biden-administrasjonen held fram med same politikken. Det er i stor grad befolkninga dette går ut over, og det er synd.»


VK: Som ein hyppig reisande til landet, kva er din personlege oppfatning av kva haldninga til Castro-regimet er? Kor stiller du deg sjølv i dette, med tanke på dei demonstrasjonane som var nyleg?

Håkon svarar kontant:

«Det er ingen grunn til å forsvare den heilt tydelege undertrykkinga som finn stad i Cuba.»

«Når det gjeld boikotten kan eg seie følgande: Me har vist cubansk film nesten kvart år på Cine Latino så langt. Det er heilt klart utfordringar med USA sin politikk. I 2020 skulle me vise den svært systemkritiske cubanske klassikaren La muerte de un burócrata (En byråkrats død) frå 1966. Verken Sparebanken Vest eller DNB ville betale leige til det cubanske filminstituttet ICAIC. Med det støtta dei altså opp om USAs lovgiving om blokade og boikott, som er tradisjonelt fordømma av alle FN-land utanom USA, Israel og Marshall-øyene, dersom eg hugsar rett. Dette medførte at eg betalte leiga frå eigen lomme frå Sparebanken, og fekk tilbake pengar frå BIFF. Det er i typisk cubansk ånd å bruke mykje tid på å finne ut korleis ein kan unngå idiotiske reglar. Slik sett var det passande, men det kjenst jo absurd at norske bankar (kanskje ubevisst) boikottar visingar av cubanske filmar som kritiserer det kommunistiske byråkratiet, som jo nettopp er det USA sin boikott er meint å ramme.»


Sluttnote: Intervjuet med Håkon blei gjennomført i mars 2022. I april blei det halde noko så sjeldan som ei folkerøysting på Cuba om ei grunnlovsendring som handla om rettigheitene til LHBTQ personar. Resultatet av folkerøystinga var tydeleg: det var fleirtal for å legalisere samkjønna ekteskap, men også å gjere det forbode å diskriminere på bakgrunn av legning og kjønnsidentitet i Cuba. Og det ganske nøyaktig 30 år etter Jordbær og sjokolade blei vist på kino første gong.

bottom of page