top of page

Vellykka sleppfest for Røyst #13


Frå venstre: Marthe Hammer (gruppeleiar i Vestland SV), Jeanette Onarheim Syversen (gruppeleiar i Raudt Vestland) Mari Austvoll Gjengedal (avtroppande administrasjonssekretær og redaktør for Røyst #13). Foto: Matin Instebø Jamne

Torsdag 27 august vart det arrangert sleppfest for vårt seinaste nummer på Bergen Offentlege Bibliotek. I Røyst #13 – «Bruk av land og hav» er det fleire tekstar som på ei eller anna måte omhandlar korleis vi kan få til eit berekraftig jordbruk i Noreg, til dømes «Mindre kjøtt! En rød tråd for en ny landbrukspolitikk» av Andreas Sjalg Unneland og «Markens uforløste grøde» av Kathrine Kinn. Dette var òg hovedtema for dette arrangementet, kor Marthe Hammer (SV) og Jeanette Onarheim Syversen (Raudt) deltok i ei samtale med avtroppande administrasjonssekretær og redaktør for Røyst #13, Mari Austvoll Gjengedal.

Embla Karidotter: Foto: Martin Instebø Jamne

Mykje av samtalen dreidde seg om innhaldet i «Et jordbrukspolitisk manifest» og utspørjingane av Jeanette og Marthe frå #13, og deltakarane var innom alt frå beredskap og deltidsstillinger til klimapolitikk og veganisme. I tillegg var vi så heldige å få Embla frå Embla and the Karidotters til å spele ei hyggeleg minikonsert! Heile samtala ble tatt opp som podkast, og denne kan du høyre her eller i din podkastapp.


Neste nummer av tidsskriftet #14 - "Alternativ økonomi" er snart på veg til trykk. Om du har lyst til å få denne i postkassa i oktober, så anbefaler vi deg å tinga abonnent så fort som mogeleg.

bottom of page