top of page

Politikarutspørjing: Jeanette O. Syversen (Raudt)

Kven: Jeanette Onarheim Syversen, gruppeleiar i Raudt Vestland Kva: Distrikts- og næringspolitikk Kor: Røyst #13, juni 2020



Jeanette Onarheim Syversen (Raudt)
Jeanette Onarheim Syversen (Raudt)

1. Har politikarane abdisert frå primærnæringane, og er i så fall det eit problem? Det er diverre brei semje på Stortinget om staten si eigarskapsrolle i store primærnæringsselskap. Eit aktuelt døme på kvifor dette er eit problem er Norske Skog, som permitterte hundrevis av arbeidarar, medan selskapet, som hedgefondet Oceanwood eig 60 prosent av, tek 268 millionar i utbyte. Det er òg eit problem at store aktørar som til dømes Sekkingstad AS, ein av Vestlandet sine største eksportørar av foredla laks, ikkje respekterer at tilsette organiserer seg. Høgresida har svekka arbeidsmiljølova og applauderer slike aktørar. Vi treng eit organisert arbeidsliv, og sterkare vern imot konkursryttarar og fagforeiningsknusing for at det skal bli mogleg for «folk flest» å leve gode tryggje liv i distrikta. Småbruk skapar distriktsarbeidsplassar og kortreist mat, men lid under ein knusande låg lønsutvikling og konkurranse frå store grossistar og kommersielle aktørar. Mange politikarar vil ha raske og store økonomiske resultat å skilte med, framfor å investere langsiktig i levande distriktssamfunn som baserer seg på primærnæringa.


2. Kva er dei viktigaste grepa for å auke den reelle sjølvforsyningsgrada i Noreg? Satse på småbruka. Kulturlandskapet veks ned mange stadar på Vestlandet. Vi må stimulere til at småbruk og dei som driv matproduksjon i liten skala kan leve av dette. Fråflytting er ein av hovudårsaka til befolkningsnedgang i distrikta. Vi treng større nasjonale bevillingar til å oppretthalde skular og linjer i distrikta, som utdannar fagarbeidarar. Vi treng også politisk vilje til å krevje at næringa som mottek støtte sørgjer for lærlingplassar. Koronapandemien har krystallisert kor sårbare vi er, når vi har gjort oss avhengige av importert dyrefôr. Vi treng ein beredskapsplan for pandemiutbrot, som kartlegg tiltak for sjølvberging, til dømes kornlagring. Det er enormt viktig at korn og mat dyrkast der det finst god matjord, samt at vi satsar på naturmangfaldet og økologisk land- og havbruk.


3. Har historia noko å lære oss for framtidas nærings- og distriktspolitikk? «By og land, hand i hand» skapte grunnlag for ein eventyrleg industri basert på arvesølvet vårt, vasskrafta. Ekkoet frå denne politikken lev vidare i til dømes Odda og Høyanger. Desse industrisamfunna er framleis levedyktige mykje takk vere ein høg organisasjonsgrad og eit yrande politisk engasjement for lokalsamfunnet. Omstilling og tilpassing er ikkje framandord for folk der. Skal vi lære noko, må det vere at vi er nøydde til å ha fleire bein å stå på, og tenke nytt om korleis unge prioriterer. Vi treng småbruk, fruktbønder, fiskarar og skogsdrift i heile landet, då må vi sjå på kva som førar til fråflyttinga. Eit hint er å sjå næringspolitikken i samanheng med sentralisering. Å svekke lokaldemokratia ved å slå i hop fylker og kommunar, syner at sentrale styringsmakter ikkje har lært av historia.


 
 

4. Kva vil vere dei viktigaste industrieventyra på Vestlandet i tiåra som kjem? At vi blir verdsleiande på grøn teknologi og fagkompetanse innan klimavenleg industriutvikling. Eit eventyr basert på alliansar mellom fagrørsla og fagmiljøa i petroleumsnæringa, miljørørsla, forsking/utdanning, og partia, om å skape meir enn 50 000 trygge klimavennlege jobbar i industrien i Vestland. For Raudt er det viktig at vi ikkje eksporterer arvesølvet via utanlandskablar som NorthConnect, men brukar kraftforedlinga til å vidareutvikle nye næringar, som i Årdal, der dei mellom anna produserer «wafere» til solcellepanel i verdsklasse og no også forskar på algar som «lagrar» CO2. Raudt arbeidar med ein heilskapleg industriplan, der omstilling til grøn industri skjer utifrå ein heilskapleg politisk styrt plan, med offentleg og demokratisk kontrollert eigarskap. I den økonomiske krisa som vi er på veg inn i no, må ikkje milliardane som brukast gje utbyte til aksjonærar og auka løn til direktørar, men investerast i fagmiljø knytt til petroleums- og leverandørindustrien. Desse fagmiljøa sit på kompetansen til å starte opp havvind i Nordsjøen, lukka oppdrettsanlegg, bygging av lavutsleppsferjer, og løysingar på berekraftig fiskeoppdrett og havbruk.


5. Korleis heng tradisjonelle venstresideverdiar som rettferdig fordeling og velferd saman med ein offensiv distrikts- og næringslivspolitikk? Vi treng eit stort Raudt som tek eit oppgjer med bemanningsbransjen og går inn for ein offentleg styrt arbeidsformidling. Skal vi sikre ein sterk og levedyktig velferdsstat, må heile, faste stillingar vere normen i offentleg sektor, samt krav til landsdekkjande tariffavtalar til alle oppdrag utlyst av offentlege institusjonar. Vi må avskaffe helseforetaksreformen og gjenoppbyggje lokalsjukehusa si rolle som arbeidsplass og fagmiljø. Ein velfungerande offentleg sektor, sekstimarsdagen, rettferdige pensjonsordningar og faste, heile stillingar er òg god feministisk politikk, noko som må sjåast i lys av offensiv distrikts- og næringspolitikk.


6. Korleis kan fylkeskommunen vere ein motor for regional, naturressursbasert næringsutvikling?

For Raudt er det viktig at fylkeskommunen har opne prosessar der kommunar og organisasjonar får delta med innspel til kva opplæringssektoren skal tilby. Fylkeskommunen må sørge for samarbeid mellom fagrørsla og utdanningsinstitusjonar om utvikling av grøn industri, der vasskraft er blant våre viktigaste miljøvenlege resursar. Fylkeskommunen må arbeide for statlege økonomiske tilbakeføringar som kompenserer for ekstrakostnadar med ikkje-sentralisert struktur, utvikle breibandstilbodet og ladenettet for elferjer og elbilar, og vere pådrivar for utvikling av havvind-teknologi ved å stimulere til samarbeid mellom opplæringssektoren og leverandørindustrien, slik som i til dømes Sunnhordland. Vi kan i langt større grad vere ein motor for elektrifiseringa av elferjer, fly, hurtigbåtar og privat skipsfart, ved auka midlar gjennom Enova og auka tilskot til næringssektoren.


Raudt meiner vi skal kunne gje tilskot til småbrukarar tilpassa bratte areal, små teigar og utmarksbeiting. Kvoterettane for fiske skal ikkje eigast av enkeltpersonar eller selskap, men tilbakeførast fellesskapet. Fylkeskommunen må få mynde til ein større rolle i utviklinga på dette feltet og få økonomiske overføringar som gjer det mogleg å syte for at nærings- og ressursbasert verksemd, og verdiane som vert skapt, kjem lokalsamfunnet til gode. Fylkeskommunen bør vere ein garantist for at lokaldemokratiet og kommunane blir høyrt og lyfta frem slik at innbyggjarane er inkluderte i avgjerslene. Viss fylkeskommunen skal vere ein regional motor for nærings- og ressursbasert utvikling, må vi vere ein leverandør av, og en administrator for, infrastruktur, kollektivtrafikk, skule utbygging, drift og vedlikehald av velferdstenester.

bottom of page