Låge krav til krigshauk

Tekst: Thor Olav Iversen, redaksjonsmedlem

John R. Bolton på Conservative Political Action Conference (CPAC) 2017. Foto: Gage Skidmore/Wikimedia Commons

Dette innlegget er ei fortsetjing av ein debatt som har gått i Dagbladet og Bergens Tidende om Holbergdebatten 2020. Debatten starta med denne kronikken i Bergens Tidende. Teksten under er eit svar til Holbergprisen sitt tilsvar til denne kronikken. Dette tilsvaret kan lesast her eller i ein lengre versjon her. Debatten vart også kommentert av journalist i Dagbladet Inger Merete Hobbelstad.


Det er synd at Holbergprisen og Ole Sandmo hoppar ned i ei retorisk skyttargrav med skuldingar om “no platforming” samt “scenenekt” i sitt tilsvar til min kronikk i Bergens Tidende. Omgrepa vert introdusert til ordskiftet av Sandmo sjølv.

Teksten min argumenterer ikkje for altomfattande “no platforming” av John Bolton. Den er ein kritikk av samansetnaden, vinklinga og det førespegla innhaldet til ein konkret debatt: Holbergdebatten 2020. Få menneske på kloden har dessutan så gode høve til å komme til orde som John Bolton.


Debatten lørdag 5 desember feila dessverre etter Holbergprisen sine eigne målestokkar. Bolton vart handsama svært forsiktig av ordstyrar. Spørsmål frå publikum (via Twitter) om hans vidfemnande bidrag til krig og ustabilitet vart valt pent vekk, til trass for at det kom inn svært mange av desse. Med unntak av stikk frå motdebattanten var det næraste tillaupet til kritisk brodd eit utvalt publikumsspørsmål om amerikanske oljeinteresser i Venezuela.


Her er berre eit par av dei missa mogelegheitene til kritisk oppfølging: Bolton skildra Donald Trump som ein trussel mot demokratiet og USA sin posisjon i verda. Kvifor nekta han då plent å vitne i riksrettssaka mot Trump?


Vidare fortalte Bolton at USA ikkje søkjer konfrontasjon med andre, men at det er andre som søkjer konfrontasjon med USA. Korleis passar Irak-krigen, som Bolton var ein hovudarkitekt for, inn i denne forteljinga?


For å nytte Sandmo sine eigne formuleringar, vart det kravd lite av ein både mektig og valdeleg politisk aktør.


Bolton sin deltaking i Holbergdebatten minnar slik sett om då Steve Bannon, ein anna sentral skikkelse frå Trump-administrasjonen, deltok på Nordiske mediedager i 2019. Her vart kritikarar på førehand lova at Bannon sjølvsagt ville kritisk bli stilt til veggs. Dessverre vart resultatet den gongen som no. Ordstyrar og spørsmål utfordra ikkje, snarare tvert om.

Teikn abonnement på Røyst og få tidsskriftet i posten fire gongar i året

Sandmo protesterer også mot min påstand om at deltaking i Holbergdebatten medfører ei viss anerkjenning for sine deltakarar, men seier mot seg sjølv. Ifølgje tilsvaret inviterer ikkje Holbergdebatten “hvem som helst” eller berre på bakgrunn av kontrovers.


Det er klart at å bli invitert til Holbergdebatten, den årlege debatten knytt til ein verdskjent forskingspris, innebærer ei viss anerkjenning. For å nytte eit banalt døme, syner eg til ein av ordstyrar sine første ytringar: Lat meg no introdusere våre to vyrde og distingverte gjestar.


Det er også synd at Sandmo nyttar delar av sin tilmålte plass på vranglesnad. Eg skriver: “I samband med prisutdelinga har det frå 2016 blitt arrangert ein Holbergdebatt”. Det tyder ikkje at eg trur at John Bolton er prisvinnar, eller at debatten tek stad samstundes som prisutdelinga, men at prisen og debatten likevel heng saman.


På nettsida til Holbergprisen står det beint fram at “Holbergdebatten er et årlig arrangement i regi av Holbergprisen”.


Snarare enn å gå inn i ein seriøs diskusjon om eigne redaksjonelle avgjersler, byggjer mykje av Holbergprisen sitt tilsvar på tåkeleggjande retorikk.