top of page

Vi søkjer tekstar til Røyst #18


Tema: Kultur og kapital



Kva er premissa for kulturproduksjon i dag? Finst det kunstnarisk fridom når forlaga, produksjonsselskapa og leverandørane av straumetenester vert så store at dei kan skape sin eigen marknad? Har internetteksplosjonen ført til større kunstnarisk fridom og moglegheiter, eller ein større grad av strømlinjeforming? Finst det nokon kunstnarisk ekvivalent til Bitcoin-anarkisme? Er kapitalisme kultur - eller er kunsten fråkopla økonomiske interesser?


Å vere kunstnar i dag tyder ofte i praksis å vere statleg tilsett. Odd Nerdrum hevdar at ein ikkje kan vere autonom kunstnar og ta imot statlege pengar på same tid. Samstundes er statleg stønad ofte det einaste fungerande alternativet til å selje sjela til dei store kulturkonserna. Er kunstproduksjonen og kven som blir kunstnarar bestemt av materielle vilkår, eller vil dei talentfulle komme seg fram uansett?


Det er ein utbreidd idé at kunsten er autonom og fråkopla økonomiske omsyn. Difor er det vanleg at kulturarrangement og festivalar ofte nyttar seg av frivillig arbeid. Samstundes hentar store konsern og aktørar ut store summar frå dei same, ikkje-kommersielle arrangementa. Det lar seg vanskeleg gjere å kjøpe mat i butikken med kulturell kapital; gjer kunsten sin prestisje og ideen om at kunsten er ikkje-kommersiell at det er lettare å utnytte dei som arbeider med kunst?


Mediefloraen har ført til at fleire enn nokon gong kan felle dommar over kunstnariske verk. Kanskje treng me ikkje smaksdommar og kvalitetsvurderingar gjort av profesjonelle og institusjonar i ei verd der kanon ikkje lenger spelar den same rolla som før. Tidlegare kulturminister Linda Hofstad Helleland frå Høgre uttalte til dømes at tida der andre skal bestemme kva du skal like er forbi. Er det eit demokratisk framsteg når kunsten og kulturen vert dømt av “folk flest,” eller tyder det slutten på alt som ikkje er lett tilgjengeleg?


Det er i dag vorte vanleg å kvotere kunstnariske uttrykk på bakgrunn av kjønn, klasse og etnisitet m.m. Som eit døme kan ein sjå til verdas største forlag Penguin Random House. Er dette riktig grep for å sikre ytringsfridom, kunstnariske moglegheiter og jamt over ein styrke for kunsten, eller går det tvert om ut over kunstnarisk fridom? Vil kvotering heve statusen til kunst laga av marginaliserte grupper, eller kan det skape eit skilje mellom “ekte kunst” og “kvotert kunst”?


I neste nummer av Røyst erklærer vi kulturkrig og vil utforske ulike aspekt ved kulturlivet og kulturens rolle i ein kapitalistisk økonomi. Kva rolle har, og skal, kulturlivet spele i kapitalisme- og samfunnskritikken i ei tid der kulturelle skilnader er i ferd med å verte nivellert og utjamna?


Vi ønskjer ditt bidrag! Vi tek imot fagtekster, essay, skjønnlitteratur og kortare kommentarar på mellom 500 og 3500 ord. Vi ønskjer òg kunstnariske bidrag i form av både fotografi, biletkunst, og illustrasjonar. Vi oppmodar særleg urøynde skribentar og bidragsytarar frå Vestlandet om å senda inn bidrag. Bidrag vert honorert.


Du kan fritt kan velje målform, men me vil sterkt oppmode alle skribentar til å skrive på nynorsk.


Send ditt bidrag og ferdig utkast med emne “Røyst 18” til post@royst.no innan 3. oktober.

bottom of page