top of page

Tillitsbrot frå AP

Mari Gjengedal skriver om hvordan Bergen Arbeidarparti trassa veljarane og enno ein gong lot KrF setja premissene for politikken i Bergen. På kort sikt skapar det splid og lite tillit, og på lang sikt truger det heile det raudgrøne prosjektet argumenterar hu.



Draumen som brast

Alle byrådspartia i Bergen – AP, KrF og Venstre – tapte stemmer ved valet. Samla gjekk dei frå 34 til 18 bystyremedlemar. Veljaranes dom var klar – dei ville ha eit raudare og grønare Bergen. Likevel fortset dei gamle makthavande ved roret, med hjelp frå MDG. Mange hadde festa sin lit til at Bergen endeleg skulle få eit raudgrønt styre og ein ny politikk, med ein tydeleg profil innanfor både miljø og sosial ulikskap. Vi hadde venta. Vi hadde gledd oss. Vi hadde pussa mansjettane og var klare til å sleppe jubelen laus. Likevel snudde Arbeidarpartiet i siste stund, og bikka ut SV for å tekkjast KrF.


Ein kan seia mykje om dei siste vekenes politiske spel i Vestlandet sin hovudstad. Forhandlingsprosessen har vore uoversiktleg, forvirrande, og vakt mykje forarging. Prinsippa for god forhandlingsskikk har ikkje vore fylgt. Partar har vorte vonbrotne, og samarbeidsklimaet har vorte øydelagd, når byrådet har vorte eit sentrumsbyråd trass i ei tydeleg forventning om ein venstrepolitisk allianse.


Arbeidarpartiet sitt fall

På nasjonalt plan har Arbeidarpartiet slitt i motbakke i fleire år. Årets valresultat var nok ein stadfesting av dette. Fleire årsaksforklaringar har vorte nytta. Arbeidarpartiet sin flørt med sentrum har ikkje falt i god jord hos mange. Deira tilsynelatande vegring mot å forplikta seg til det raudgrøne samarbeidet har virka vinglete og opportunistisk. At spesielt KrF har blitt peika på som ein mogleg samarbeidspartnar, har skapt tvil om kor godt Arbeidarpartiet eigentleg har sine føter plassert i eit tydeleg sosialdemokratisk fundament. APs manglande kontakt med kjerneveljarane og si eiga grasrot har også bidratt negativt.


Dei siste åra har partiet synt seg som ein vag skugge av seg sjølv, og har lata til å ha hatt ei vegring for å ta avgjerder. Dei har virka dratt mellom ulike interessegrupper, utan evne til å fange tidsanden og temaa veljarane er opptekne av. Den store mobiliseringa om ein samlande sak har ikkje vore der. Strategien har til en viss grad vore forståeleg, om enn feilslått: i frykt for å miste oppslutnad, har ein freista gjera alle til lags. Ein har freista vera mest mogleg stille i båten for ikkje å gjera situasjonen verre.


Problemet er berre at når ein vil gjera alle til lags, ender man ofte opp med det motsette. Veljarane har gått til parti som har hatt tydelegare standpunkt i dagens store politiske interessekonfliktar: sosial ulikskap, klima og forskjellar mellom by og land.


Makt foran alt

Ein skulle tru at Bergen Arbeidarparti ville taka lærdom, og valt seg ein ny strategi. Men nei, de held fram med å gå i den same retninga som so langt berre har bidrege til deira eigne fallande oppslutnad. Partiet forsvarar byrådsløysinga med at alternativet hadde vore verre. Den politiske snumanøveren frå SV til KrF vart gjort i hui og hast fordi ein såg det som truleg at høgresida kunne komme til å danna byråd i mellomtida. Det vart viktigare å få på plass ein suboptimal løysing som svært få ville ha, enn å la motstandarane koma til makta.


Med denne avgjerda sender Arbeidarpartiet eit tydeleg signal: makt er for dei viktigare enn både veljarane sin tillit og det langsiktige samarbeidet med deira mest openberre allierte. Fundamentet for makta til dette byrådet er ikkje veljarane sine ønskjer eller eit overtydande politisk fellesprosjekt, men redsla for alternativet. Redsel er sjeldan eit godt fundament for politikk.


Fundamentet for makta til dette byrådet er ikkje veljarane sine ønskjer eller eit overtydande politisk fellesprosjekt, men redsla for alternativet. Redsel er sjeldan eit godt fundament for politikk.

Korleis dette kjem til å få konsekvensar for det politiske samarbeidsklimaet i Bergen, er det vanskeleg å spekulere i. Kan henda vil Raudt, og spesielt SV – som har vorte behandla på ein særs uryddig måte – hevda seg over dette og halda fram med å visa seg som meir løysningsorienterte partar. Kan henda vil dei tilgje og gløyme før neste korsveg. I alle høve er det ikkje til å slippa unna at Arbeidarpartiet har vist seg som ein svært vaklevoren og lite tillitsvekkjande forhandlingspart og potensiell samarbeidspartner. Det er ikkje verdig et parti som tradisjonelt har sett på seg sjølv som den styringsdyktige berebjelken i politiske koalisjonar.

Trugsel for det raudgrøne prosjektet

Eit kanskje viktigare spørsmål er kva for konsekvensar dette vil få for det større, utvida raudgrøne prosjektet i Bergen og på Vestlandet. Med dagens byråd som utgangspunkt vil det vera vanskelegare å byggja eit solid utgangspunkt for ein eventuell raudgrøn maktovertaking på sikt. Arbeidarpartiet kan ikkje både styre saman med KrF og Venstre, og samstundes freista selja inn eit raudgrønt samarbeid ved neste val. Dessutan risikerer vi at dagens byråd, i kraft av å mangle ein progressiv sosialpolitikk, ikkje vil utgjera eit tydeleg og annleis nok alternativ til høgresida. Om Arbeidarpartiet bidreg til å legitimera ein sentrumsbasert sosialpolitikk i Bergen, kan konsekvensen vera at veljarane anten går mot høgre fordi dei uansett ikkje ser den store forskjellen, eller at dei i endå større grad går for dei meir progressive partia på venstresida. I alle tilfelle vil Arbeidarpartiet tapa ytterlegare støtte.


Det er ikkje alltid slik at makt bør søkjast for ein kvar pris. Klarer ein ikkje å finna gode politiske løysingar innanfor ramma av eigen politikk og oppslutnaden frå veljarane, er det kan hende betre å overlata roret til nokon andre. I politikk, som på så mange andre områder, kan litt is i magen være en god ting, om ein skal bevara truverdet og integriteten på lang sikt.


I politikk, som på så mange andre områder, kan litt is i magen være en god ting, om ein skal bevara truverdet og integriteten på lang sikt.

Ofrar ein veljarane sin tillit på makta sitt alter, står ein igjen med svært lite. Det synast tydeleg at Arbeidarpartiet i denne prosessen bør ta sjølvkritikk for å ha vist grov mangel på gangsyn.


Lat oss vona ikkje altfor mykje har vorte øydelagt i prosessen. Sjølv med dei fire partia treng byrådet støtte frå anten SV og Raudt, eller SV og SP for å gjennomføra politikk. I alle tilfelle er dei altså avhengig av partiet dei kasta på hovudet ut av samarbeidet. At AP tek det nærast som ein sjølvfølge at dei alltid vil ha SV sin støtte, kan mildt sagt tolkast som arroganse. Ein skal ikkje forventa hjelp frå dei ein behandlar dårleg. Det er all grunn til å tru at dette byrådet sit svært utrygt, og at dei må arbeida hardt for å få fleirtal for budsjetta sine. AP sin taktikk kan koma til å straffe seg, ikkje berre valgstrategisk på kort og lang sikt, men og med tanke på moglegheita til å faktisk få gjennomført politikk.

bottom of page