top of page

Til minne om David Graeber (1961–2020)

Tekst: Preben Sørheim og Ragnhild Freng Dale


Foto: Guido van Nispen

Verda mista ein stor tenkar då David Graeber, anarkist og antropolog, døydde 2. september, berre 59 år gamal. Hans aktivistiske og intellektuelle verke var eineståande: det spann frå Occupy Wall Street til å smugle droner inn i Rojava; frå etnografiar av anarkistiske levemåtar på Madagaskar til banebrytande økonomiske analysar av pengar og gjeld. Fleire politiske saker og akademiske fagretningar sørgjer over å ha mista ein av sine største.

Saknet er kanskje særleg stort for det ein kan kalle «den transatlantiske radikale venstresida», eit laust samansett nettverk av engelskspråklege og engelskkyndige akademikarar, aktivistar og skribentar i Nord-Amerika og Vest-Europa. Graeber var truleg den viktigaste tenkjaren i dette nettverket. Han var heller ikkje ein som berre tenkte; Graeber var ute der demonstrasjonane skjedde, han tok del, han lytta, og han handla. I boka Direct Action: an ethnography gjer han eit nært sosialantropologisk portrett av den globale rettferdsrørsla og organiseringa fram mot Quebec-protestane i 2001, kor innsikta blir til medan han sjølv er deltagar i det som planleggast. Slik, og på så mange andre vis, bidrog han til tenkinga og aktivismen frå innsida og – fordi han blei lest og respektert av så mange på utsida – til å gjere det transatlantiske nettverket større, modigare og sterkare.

Den transatlantiske radikale venstresida har vore grobotn for ein oppblomstring av demokratiske, desentraliserte grasrotprotest-rørsler det siste tiåret; mange i modellen etter Occupy Wall Street og mange i David Graebers ånd. I tillegg har USA, hans heimland, og Storbritannia, hans opphaldsland, sett sine første realistiske håp om sosialistiske statsleiarar. Trass i sin skepsis mot partipolitikk (han forblei anarkist heile livet gjennom), støtta Graeber om Momentum-rørsla og Jeremy Corbyn, og særlig de unge aktivistane som ville endre partiet frå innsida ut. Han støtta grasrotrørsler også i andre deler av verda, og var ein særs viktig støttespiller for Rojava, og for kurderanes fridomskamp, mellom anna ved å reise ned dit og ved å tale deira sak på heimebane. Det er soleis blant dei mange aktivistane i disse rørslene at saknet blir særleg stort, fordi det er her Graebers altfor tidlege død har størst konsekvensar: dette nettverket blir stadig viktigare for radikal politikk – eller, i det minste, håpet om det.

Men den transatlantiske radikale venstresida gått på ein lang liste nederlag det siste året, i tillegg til den stadig meir normale unntakstilstanden med aukande økonomisk ulikskap og pågåande klimakollaps. Historia er kanskje lagt opp slik at det kjennest ut som om viktige radikale tenkjarar døyr på verst tenkeleg tidspunkt. Det stemmer ikkje for Graebers del. Han etterlet seg rett nok enormt store sko å fylle, men han har samstundes påverka ein generasjon som kan gjere nettopp dette. Sjølv om han utvilsamt ville ha bidrege stort om han hadde blitt verande blant oss lenger, er tankegodset – og metodane – han etterlet seg ein oase av kunnskap og inspirasjon til korleis vi kan skape verden slik vi vil ha den.

At verda kan sjå annleis ut enn slik vi organiserer den i dag, var ikkje noko han tok ut frå lause lufta, men frå sine eigne studiar og forsking som sosialantropolog, og ein imponerande historisk kunnskap om samfunnsutvikling og organisatoriske strukturar i ulike delar av verda. Ofte er det er hans meir populærvitskaplege bøker som har gitt han mest anerkjenning, men dei faglege bidraga hans til antropologien fortener å framhevast som dei solide og nyskapande bidraga dei var. Særleg var boka Lost People, som bygde på feltarbeid på Madagaskar, ei fagleg grundig, etnografisk solid og banebrytande bok innanfor sitt fagfelt.

Som antropologiprofessor Dimitris Dalakoglu skriver, var Graeber ein som både innoverte disiplinen, introduserte antropologien for en stor lesarskare, og lærte mange antropologar at dei ikkje treng å vere redde for å blande politikk og fagutøving. I Fragments of an anarchist anthropology frå 2004 stiller han spørsmål om kvifor antropologar, som den fagdisiplinen som har best kjennskap til statslause samfunn, likevel er så komfortable med dei strukturane som opprettheld uretten i dagens verd (og deira egne posisjonar). Ved å peike på korleis innsikta frå faget banar veg for å forstå anarkisme, revolusjoner og organisering utan staten frå nye vinklar, teiknar han også eit kart for korleis vi sjølve kan arbeide og tenke – det vere som fagpersonar, aktivistar eller anna.

Hans kanskje mest kjende bok Debt: The First 5000 Years (2012) kom ut i kjølvatnet av finanskrisa i 2007-8. Frå mange hald blir boka sett på som ein form for myteknusing: den viser korleis pengar, både historisk og logisk sett, oppstod som ein eining for sosial rekneskapsføring av forpliktingar, heller enn som eit medium for utvekslingar. Men for den forgjelda generasjonen av unge amerikanarar og britar kan delar av boka også lesast som ein form frigjering – slik den også er meint å vere. Gjennom fleire tusenårs historie forklarar Graeber korleis gjeld, og dei ulike typane vald og truslar som krev den inn, formar korleis verda ser ut. Når vi tenker at gjeld alltid må tilbakebetalast har vi på oss kraftige ideologiske briller. Gjeld snikinnfører, ifølge Graeber, eit hierarki mellom utlånar og låntakar, som i utgangspunktet var likeverdige partar då avtalen mellom dei blei inngått. På grunn av lånet hamnar låntakar i utlånars makt inntil gjelda er tilbakebetalt (utlånar kan til dømes vise velvilje og velje å tilgi gjelda, men viss låntakar ikkje klarar å nedbetale den til avtalt tid, er det ho som har gjort feil). Ved å vise korleis gjeldsregimer har blitt konstruert og oppretthaldt av låntakarar opp gjennom historia, synleggjer Graeber kor skjørt dette regimet er. Når låntakar tek av seg dei ideologiske brillene ser forhåpentlegvis ho også dette. Då kan ho også organisere seg saman med andre for å endre korleis lånesystemet er konstruert i dag, noko Graeber sjølve gjorde mellom anna i Strike Debt-kollektivet som ville mobilisere ein generasjon med forgjelda unge i USA til å fri seg frå gjeldslenkene. Gjennom Rolling Jubilee samla de inn pengar til å kjøpe opp gjeld (som kan kjøpes og selges i USA) ikke for å krevje den inn, men slette den for alltid. Aktivitetane til desse gruppene har fortsatt i nye formar under namnet Debt Collective.

Bøkene og tekstane til Graeber har ein eigen evne til å analysere undertrykkande delar av samfunnet – som gjeld, bullshit-jobbar, byråkrati – på ein måte som får oss til å sjå på desse i eit nytt og meir frigjerande lys. I The Utopia of Rules (2015) skriv Graeber at «the ultimate, hidden truth of the world is that it is something that we make, and could just as easily make differently». Graeber meinte ikkje, i motsetning til ein del andre radikalarar, at kapitalismen hadde gjennomsyra alle våre sosiale relasjonar. Han kjende til, og hadde sjølv gjort feltarbeid hos menneskjer som lev annleis no, i vår samtid, menneske som ikkje følgjer marknadslogikk eller kapitalismens reglar. Difor mynta han omgrepet «kvardagskommunisme» om alle dei delane av samfunnet og menneskelege relasjonar som har eksistert til ein kvar tid og vore basert på kjærleik, gjensidigheit og solidaritet; som, til dømes, det å bomme bort ein sigarett. For Graeber handla politikk grunnleggande sett om å utvide aspekt ved menneskelege relasjonar som alltid har vore tilstade.

Han var – og vil forbli – ein kjempe både i samfunnet og i sin eige fagdisiplin, sosialantropologien. Med sin uttalte politiske ståstad, men ein desto viktigare ledefigur for antropologar som ønskjer å bidra til ein tradisjon der tanke og handling ikkje er fjernt frå kvarandre, men tvert om verker samen, og som vil gjere verden til eit betre, meir demokratisk og menneskevennleg samfunn.

bottom of page