top of page

Send inn ditt bidrag til Røyst #15!

Tidsskriftet Røyst ønskjer i dei to neste nummera å rette merksemda på stortingsvalet 2021. Det første av dei to, Røyst #15, ser tilbake mot sist gong venstresida satt med regjeringsmakta, Stoltenberg II (2005-2013). Fram mot valet vert det stadig viktigare å vite kva vi faktisk gjennomførte den gong, slik at vi betre kan forstå kva vi bør gjere no. Vi spør: Kva for ein politikk vart ført, kva for ein politikk ønska ein å føre, og korleis fungerte det ein gjorde?


Foto: Magnus Fröderberg/norden.org

Meir konkret er vi ute etter tekster som inngåande tar for seg enkeltemner. Kva for store reformer vart gjennomført av Stoltenberg II? Kva var eigentleg tiltaka i den «aktive næringspolitikken»? Kva lover vart endra, korleis praktiserte ein stryinga over departementa, og kva ministre heldt det dei lova? Kaoset på borgarleg side står i kontrast til dåtidas regjering, men friksjonsfritt var det ikkje: Korleis fungerte eigentleg samarbeidet mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti? Dette er nokon av dei spørsmåla vi håper du kan diskutere i neste nummer av Røyst.


Feila denne regjeringa gjorde er blitt nemnte av mange – frå Libya, bankane og finanskrisa, til månelandinga på Mongstad – og truar til ein kvar tid med å torpedere stemninga i samtaler mellom ulike deler av venstresida. For Arbeidarpartiet markerer regjeringsperioden deira ein merkbar kontrast til dagens kaotiske borgarlege «samarbeid», som viser deira evne til styring. For SV var regjeringsdeltakinga eit delvis nederlag, men like fullt kan ein peike tilbake på barnehagereforma som en viktig siger. Senterpartiet, forutan stabburet, fekk også sikra forbetringer av kommuneøkonomien, landbrukspolitikken og samferdsel.


Desse historiane, om «svik» mot fredsrørsla, miljøet og arbeidarklassen på den eine sida, om sigrar for barn og foreldre, kommunar og bønder, og eit styringsparti som førte skuta støtt på den andre, gir éin versjon av historia. Ho fortel kor ein tapte og kor ein vann. Ikkje minst fortel ho kven som vann, og kven som tapte, fordi historiane blir fortalte frå vinnarane og taparane sine perspektiv. Dette er nødvendig i den politiske retorikken: Dei raudgrøne partia treng forteljinga om sine sigrar for å legitimere sitt val om å samarbeide, og viktigast, for å kritisere den sittande regjeringa ved å kontrastere handlingane hennar til sine eigne. Samstundes treng partia på utsida av samarbeidet forteljinga om tapa for å forsvare sitt val om å ikkje trå inn i samarbeidet, og som ei påminning som kan trekke dei andre partia mot dei sjøl.


Likevel er den politiske retorikken nettopp det, ein politisk retorikk som berre formidlar den delen av historia som passar i den aktuelle samanhengen – den noverande politiske situasjonen. Men historia skapast ikkje som eit retorisk virkemiddel for framtida. Dette poenget er kanskje endå viktigare av den enkle grunn at mange av dei som har rett til å røyste ved Stortingsvalet i 2021 ikkje hadde det samme politiske medvitet som dei har no. Dette er ikkje berre den nye oppvakninga blant «dei unge», men også befolkninga generelt, som blir radikaliserte i møte med ein velferdsstat som forfell, ein klimakrise som velter over oss og ein global pandemi som snur opp ned på kvardagen.


Når vi fram mot 2021 skal diskutere kva vi skal gjere, er det nødvendig å vite kva vi har gjort, kva vi ønska å gjere, kvifor det fungerte, eller ikkje fungerte. Det femtande nummeret av Røyst har som mål å gi ei påminning om vår eigen moderne historie, og kan gi oss eit betre grunnlag for å debattere alle dei sakane som ikkje berre var klare tap, eller sigrar.


Vi tek imot fagtekstar, essay, skjønnlitteratur og kortare kommentarar på mellom 500 og 3000 ord. Vi ønskjer kunstnariske bidrag i form av både prosa, fotografi, biletkunst og illustrasjonar. I første omgang treng du berre ein idé, ein problemstilling eller ein kort tekstskisse, og så kan vi utvikla ideen vidare saman. Vi oppmodar særleg urøynde skribentar og bidragsytarar frå Vestlandet om å senda inn bidrag. Utvalte bidrag av høg kvalitet vert honorert etter avtale.


Du kan fritt velja målform, men me vil oppmoda våre skribentar til å skriva på nynorsk.


Send oss din idé eller ditt utkast til post@royst.no så fort som mogleg, og seinast innan 19 oktober! Merk eposten med “Røyst #15”.

bottom of page