top of page

Takk for sist frå SV

Vemund Knudsen kommenterer den seneste dramatikken i Bergenspolitikken

 

Den uendelege dramatikken i Bergenspolitikken har fått eit nytt innslag: det er fleirtal for mistillit mot skulebyråd Linn Kristin Engø (bilde), og det AP-leia byrådet varslar at det går av. Valhammer har gjort Vigilo-saka til eit politisk spel ved å stille kabinettspørsmål. Sjølv om det er kultur for at mistillit mot ein enkelt byråd blir tolka som mistillit til heile byrådet, er det vanskeleg å ikkje tolka dette som at AP forsøker å kasta ansvaret for byrådets liv over på SV.


Det same prøvde Valhammer på under budsjettarbeidet i fjor haust. Som allereie kommentert av Mari Gjengedal i Røyst etter valet, verker det som om AP tek SV si støtte for gitt. Dette er den same, gamle analysen om at SV vil støtte ein AP-leia koalisjon, uansett val av samarbeidsparti, berre fordi det er betre enn eit borgarleg alternativ. Dette er ein analyse som felte sjølv Gerhardsen. Det er arrogant av AP og er ein politisk analyse om dei politiske styrkeforholda som er 20 år på etterskot.


Som me har sett i NAV-saka, er ikkje mistillit noko ein slenger ut i hytt og pine. Sjølv om ein er politisk ueinig, stoler me på at ein statsråd eller byråd gjer den jobben dei skal på korrekt måte. Når SV då vurderer mistillit, er det ikkje fordi dei er ute etter byrådet eller Engø, men fordi dei vurderer situasjonen som så alvorleg at det kan vere grunn til mistillit. Med parlamentarisme er det byrådet og politikarane som stå til ansvar.


Med sin kommentar om at han er overraska av SV, forsøker Valhammer å gjere saka til noko anna enn ho er. Han forsøker å gi SV ansvaret for at byrådet må gå. Han ser ut til å glemme at det er SV sin eigen Mikkel Grüner som har leia høyringa av Vigilo-saka. Mistillit er mistillit, ikkje eit politisk spel. At Valhammer trur at SV, som sannsynlegvis er møkk lei behandlinga frå AP, skal sette dette til sida for å berga byrådet, er ei feilvurdering og for ikkje å snakke om ei nedvurdering av Grüner sitt arbeid.


Det er sjølvsagt ikkje ønskeleg med eit nytt borgarleg byråd. Men det er heller ikkje verdt å støtte eit AP-leia byråd som ikkje behandlar ein med respekt. Det er heldigvis ikkje garantert at Harald Victor Hove og Høgre får til å danne eit nytt byråd. Me får håpe at mistillitsaka kan vere starten på ei ny tid og betre samarbeid på venstresida i Bergen. Det var AP som kasta vekk moglegheita, så det er AP som får ta opp tråden igjen.

bottom of page