top of page

Stavanger – eit nytt raudgrønt fyrtårn?

Vemund Knudsen spør om det er til oljehovudstaden resten av landet bør sjå til når den venstrepolitiske sida skal byggje seg opp mot Stortingsvalet 2021.


Kari Nessa Nordtun er ny ordfører i Stavanger. Foto: Arbeiderpartiet/Flickr.

I dag vert kommunestyret i Nye-Stavanger konstituert, og den raudgrøne alliansen beståande av partia frå Raudt til SP og FNB tek makta etter 24 år med høgreordførar. Korleis kunne dette skje i ein av Noregs mest borgarlege byar? Ein skal vere forsiktig med å samanlikna lokalpolitikk og nasjonalpolitikk. Det er likevel nokre observasjonar ved valet og førre valperiode som er verdt å merka seg. Eg skal ta føre meg desse og sjå om det nye fleirtalet i Stavanger kan vere ein inspirasjon til nytt raudgrønt Stortingsfleirtal i 2021.


Oppsummeringa av valresultata

Først ein kjapp oppsummering av valresultata: Arbeidarpartiet er størst i byen med om lag 25% mot Høgres 23%, FNB er på 9% og Raudt har gjort eit brakval med 5.5%. Sentrumspartia ligg omtrent likt med mellom 4-5% kvar, det same med SV. MDG har 6,5 %. Framstegspartiet ligg på om lag 9%. Som kjend er norma i Noreg at ein må samarbeida med fleire parti for å stable på beina eit fleirtal. Det er også her nøkkelen til det nye fleirtalet i Stavanger ligg. Dei har klart å samla parti som tilsynelatande ikkje skulle vere i stand til å samarbeida.


Bygginga av den raudgrøne alliansen

I løpet av perioden 2015 til 2019 vart Raudt, SV, AP og MDG historiske då dei la fram eit felles alternativt budsjett for Stavanger. Med dette viste dei veljarane at det var eit styringsdyktig alternativ til høgrealliansen. Dei sto saman som ein felles blokk. Utanom budsjettsamarbeidet har kvart parti fremma sine eigne forslag og løysingar, utan å angripa kvarandre. Dette har gitt rom for at dei ulike partia har fått dyrka sin eigenart, og fremma sine eigne saker. Kombinasjonen av desse to faktorane er nok ein av hovudårsakane til at eit samarbeid med Raudt var etande for AP sine medlemmar og tillitsvalde. Som me kan sjå ut i frå diskusjonane som er i AP no, er eit samarbeid med Raudt langt ifrå ukontroversielt.


At ein har klart å samarbeida om eit budsjett og vore samde om ein retning, har og bidrege til å utvikla relasjonar, respekt og forståing på tvers av dei fire partia. Når ein då kjem til valnatta, er mykje av det vanskelege arbeidet gjort: Dei fire partia har vist for seg sjølv, veljarane, og dei andre partia at dei klarar å samarbeida om ein felles retning. Når det borgarlege fleirtalet rauk og ein såg at sentrum og/eller FNB kunne avgjere fleirtalet, stilte den raudgrøne sida mykje sterkare i forhandlingane. Og som me veit var det FNB som blei nøkkelen til skiftet i Stavanger.


FNB – eit lyseraudt parti

I Stavanger kom fleirtalet av FNB sine veljarar frå Høgre og andre borgarlege parti. Dette vert blant anna bekrefta i at AP, til tross for bompengeopprør, gjorde eit godt val i motsetning til i Oslo, Bergen og Tromsø. Det er for enkelt å konkludera med at FNB sine veljarar ønska borgarleg fleirtal, slik blant anna høgresida i Stavanger no hevder. Ein må hugsa at FNB i Stavanger kom inn i bystyret i 2015, og har vore i opposisjon til høgrealliansen saman med dei raudgrøne. I Stavanger har motstanden mot bompengane vore ein raudgrøn sak. SV i Stavanger stemte i mot avtalen om Bymiljøpakken, fordi det var for stor grad av bompengefinansiering. Raudt har og vore kritiske til graden av bompengar. Etter kvart kom Arbeidarpartiet på gli og opna for å gjera endringar i bompengane i form av å fjerna rushtidsavgifta. Dei har i perioden óg fremma fleire forslag som ville redusert bompengane for utsette grupper. Samtidig har FrP og særleg den profilerte Leif Arne Moi Nilsen nytta valkampen og perioden på å angripa FNB generelt, og partileiar Frode Myrhol spesielt. Høgre har vore heller passive for endringar i bompengane. FNB veit kva dei kom til med dei raudgrøne, som dei jo hadde vore i opposisjon med, medan borgarleg side ikkje har virka samkøyrde rundt forholdet til FNB. Valet vart då enkelt.


Ein draumekoalisjon

Eg vil argumentera for at det nye fleirtalet i Stavanger er ein draumekoalisjon for venstrepolitiske tilhøyrarar. Fleirtalet har tatt opp i seg og representerer dei største valvindane i lokalvalet. Klimaopprøret og bompengeopprøret er foreina. Distrikta, representert ved gamle Finnøy og Rennesøy kommune, er svært godt representerte i tidlegare ordførar i Rennesøy, Dagny Sunnanå Hausken frå Senterpartiet, som får varaordførarvervet.


Bompengeopprøret kan óg bli tolka som eit distriktsopprør. Det er i ytterkantane i kommunen FNB hentar dei fleste røystene sine. Livet i sentrum av byen er annleis enn livet på kommunegrensa. Bompengeopprøret er heller ikkje ei anti-klima rørsle, men ein påminning om at vanlege folk ikkje skal ta hovuddelen av rekninga for omstillinga som må til for å nå klimamåla. Dei siste målingane frå Vegvesenet visar dessutan at reduksjonen i biltrafikken er langt i frå så stor som ein trudde. Då er det grunn til å stille spørsmål ved om bompengar fungerer eller om ein må gjere noko anna for å redusere utsleppa og endra folk sine vanar.


Klimakamp er klassekamp; klimaendringane vil auka forskjellane i verda. Omstillinga må skje på lag med dei svakast stilte og distrikta. Det som fungerer i byane fungerer ikkje nødvendigvis for distrikta, og omvendt. Utan folk flest og heile landet på vår side, vil me ikkje klara omstillinga som må til. Dei som vinn valet neste gong er etter alt å døma dei som klarer å kombinera klimakamp med distrikta og vanlege, arbeidande menneske sine interesser. På papiret har det nye fleirtalet i Stavanger klart det, no må dei neste fire åra visa at dei er i stand til å gjennomføra.


Nytt raudgrønt fleirtal 2021?

Så kva kan alt dette fortelja oss om det raudgrøne samarbeidet fram mot 2021? Bygginga av ein ny raudgrøn allianse må byrja no, og ein må tenkja lenger enn berre til neste val. For å klara det må ein, sjølvsagt, samla mange interesser under ein og same fane og få brei folkeleg støtte. Valet i Stavanger har lært oss at ein samla raudgrøn side er meir slagkraftig enn når ein berre tenkjer på enkeltparti sin oppslutnad. Kanskje det nye fleirtalet i Stavanger er ein koalisjon som er for god til å vere sann. Det vil tida vise. Inntil vidare bør alle på venstresida følgja Stavanger med auger og øyrer framover.

bottom of page