top of page

Send inn ditt bidrag til Røyst #16!

I år er det Stortingsval! I den samanheng ønsker vi i neste nummer, Røyst #16, å fundere over kva som står på spel, kva vi ønsker for framtida, kva for ei retning Noreg skal ta og om ei ny regjering er mogleg. Vi tar imot dine ønsker, håp, spådommar, analysar og tankar om Stortingsvalet. Send inn ditt bidrag!

Nikolai Astrup - Kornstaurer i Sandalen» (1899-1927). Foto: Dag Fosse/Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Det er valår i Noreg! Eit nytt Stortingsval er på trappene hausten 2021. Store rørsler er i emning på verdsplanet. Her heime har ein borgarleg regjering i ulike formar hatt makta i 8 år på rad. Sosialdemokratiske parti ligg med brekt rygg i heile Europa, og i Noreg svekkes Arbeidarpartiet og usikkerheten brer seg. Samstundes har venstreradikalismen fått vind i seglene det siste tiåret, med varierande hell: Nokre stader er dei i regjering, nokre stader er dei ein maktfaktor, mens andre stader har dei ikkje nådd fram.


Aldri før har Noreg hatt ei så høgrevridd og langsitjande borgarleg regjering. Med eit stadig svakare Arbeidarparti, eit Senterparti og venstreradikale parti med sterke målingar, og et miljøparti med store ambisjonar, er det duka for ein ganske annleis politisk situasjon i Noreg etter valet i haust, men i kva retning, og til kven sin forteneste? Blir det starten på ein ny sjølvtillit for venstresida som samfunnsendrande kraft, eller vil me sjå eit fragmentert politisk landskap, politisk usemje og kaos på venstresida? Skal endringane komme med grasroten? Kva hender i dei mange norske distrikta? Kanskje kjem det ein uant politisk overrasking.


Fleire stader rundt om i verda er venstrepolitikken fragmentert og slit med å finne samhold. Kva for ei venstreside ynskjer me å sjå vekse fram av folkets røst i september? Bør me lære av erfaringane frå andre land? Venstresida er ideologisk splitta i både USA og Europa. Og nokre av dei same debattene har gått her til lands: Bør den norske venstresida omfavne ideologisk multikulturalisme eller universalisme?


Tidsånda som feier over vår verden i dag indikerer store endringar og omveltningar. Vestens dominerende politiske system har fått seg overraskingar i både Storbritannia, USA og Frankrike. Dikotomiar som sentrum-periferi og distrikt-hovedstad har fått ein ny relevanse. Samtidig dukker “hesteskoteorien” (t.d. Jean-Pierre Faye) opp i retorikken til sentrumspolitikken som regjererer i eit stabilt nyliberalt, marknadskapitalistisk system. Surfer Senterpartiet på ein trend vi har sett i andre vestlege land, eller har dei knekt ein kode og selv initiert eit taktskifte? Er det mulig for venstresiden å få stor påverknad på tidas gang?


Arbeidarrettar er under press frå internasjonale bedrifter. Det burde ha vore dei sosialdemokratiske partia, med sitt opphav i fagrørsla, sin oppgåve å motarbeide dette. Er sosialdemokratiet eigentleg rusta til å møte det nyliberale løsarbeidarsamfunnet?


Det 21. århundre er tida for dei store, globale utfordringar. Vi er gått inn i ein ny epoke, Antropocen, ei tid der påverknaden frå mennesker på jorda er eineståande og utan historisk sidestykke. Utfordringane står i kø: klima, miljø, biologisk- og økologisk mangfold, fattigdom, forureining, ressursutmatting og meir. Dette er utfordringar som går utover Noreg, men som også inkluderer Noreg. Kva skal Noreg gjere i møte med desse utfordringane? Og kva er Noregs plass i verda? Kva skal vere Noregs visjon for EU/EØS?


Det 20. århundre var tida for dei store, politiske forteljingane. Nyliberalismens inntog skulle syrgje for stabilitet, med eit selvregulerande marknad til det beste for alle. En ideologisk status quo, annen enn de tidligere og voldsomme politiske ideologier, som har medført mye godt, men det blir stadig tydelegare at det etablerte hegemoniet ikkje er tilpassa vår tids eineståande utfordringar. Må det mindre justeringar eller systematiske endringar til for å møte desse utfordringane? Er tida igjen inne for dei store visjonane og dei store narrativa i møte med nye, globale utfordringar, og kan venstresida mobilisere ein storpolitisk visjon for det 21. århundre? Kan venstresida mobilisere ein reell politisk klima- og miljøbevegelse, som samstundes flytter makta vekk frå storkapital og nedover til det vanlege, arbeidande folk?


Vi ønsker dine spådommer, tankar, ønskjer og håp for valet til hausten.


Vi tek imot fagtekster, essay, skjønnlitteratur og kortare kommentarar på mellom 500 og 3500 ord. Vi ønskjer òg kunstnariske bidrag i form av både fotografi, biletkunst og illustrasjonar. Vi oppmodar særleg urøynde skribentar og bidragsytarar frå Vestlandet om å senda inn bidrag. Utvalte bidrag av høg kvalitet vert honorert etter avtale.


Vi oppmodar alle våre skribentar om å skrive på nynorsk, men du kan fritt velje målform.


Send oss ditt utkast på post@royst.no så fort som mogleg, og seinast innan 24. februar. Merk eposten med “Røyst #16”.

bottom of page