Nettredaktørar: Mari Gjengedal og Johan Elfving 

Org.nr. 912801624
Kontonummer:
3633.54.45591

Tidsskriftet Røyst
c/o Thor Olav Iversen
Baneveien 39, 5010 BERGEN

Røyst #12 - Staten


Illustrasjon: Catrine Kooyman


Leiar - Redaksjonens røyst, #12

Som resten av norsk venstreside, er Røyst av den oppfatninga at det ikkje kan verta noko stort venstresideprosjekt utan staten. Det er difor vi skriv, i nummer på nummer, om val og korleis venstresida kan vinna dei. Staten skal trass alt gjera så mangt. Den skal syta for havvindprosjekt, industriarbeidsplassar, den skal betala trygdeytingar, krevja inn (meir) skatt, og gjennomføre eit nesten uendeleg tal med andre oppgåver. I dette nummeret har vi utfordra skribentane til å ikkje berre seia noko om kva staten bør gjera, men også kva staten gjer, kva den er, og korleis den verkar.

I eit av de større verka innan liberalistisk samfunnsteori, finn vi Robert Nozick sin Anarchy, State and Utopia. På same måte som Adam Smith skildra korleis naturtilstanden naudsynlegvis førte til marknadssamfunnet i sin Robinson Crusoe-myte, skaper Nozick ein danningsmyte for staten. Nozick sin myte tek utgangspunkt i marknadssamfunnet, og syner at innanfor dette vil ein naudsynlegvis ha behov for å organisera seg for å beskytte sin eigendom. Dei individuelle private beskyttelses-firmaa som eigarar nyttar seg av, vil naturleg forsøke å røva til seg seg ein stadig større del av marknaden. Til slutt vil nokon få monopol. På denne måten vert staten sitt maktmonopol til. Heilt naturleg, og av seg sjølv. Ei nesten tilsvarande skaparmyte går att i dei fleste av venstresida sine prosjekt. Ein legg kanskje til grunn at samordninga av fagorganisasjonane med eigarskap over produksjonsmidla vil skapa eit behov for planlegging, som på ‘naturleg’ vis skapar ein stat. Samfunnet har blitt så «komplekst» at ein treng ein sterk statsmakt som kan halde orden, planleggja, og organisera.


Eit venstresideprosjekt utan stat, eventuelt eit prosjekt som byggjer på dei gamle tesane om at staten skal «vitra bort», er i dag reservert for heilt spesifikke delar av venstresida. Utan at vi skal gjera framlegg om eit statslaust venstresideprosjekt i dette nummeret, må vi bevara vår kritiske sans jamfør staten. Den er ikkje noko naturleg, ein sjølvfølgje som berre venta på dei teknologiske og organisatoriske framskritta som skulle til for at den kunne ta sin moderne form som nasjonalstaten. Gjennom ein sjølvstendig logikk med særeigne strukturar, vert staten forma av det samfunnet den eksisterer i. Samstundes påverkar den samfunnet på heilt særeigne måtar, og er ingen nøytral aktør, om den kan omtalast som ein aktør i det heile.


Det er denne problematikken vi har utfordra våre skribentar til å ta utgangspunkt i. Staten skal ikkje aksepterast som ei sjølvfølgje, som eit vonde eller eit gode, men som eit objekt for kritisk analyse. Dei politiske konsekvensane av dette er ikkje ubetydelege. Arbeiderpartiet, som skulle overta ein krigsramma stat i etterkrigstida, fekk erfara dette. Av dei mange mål som partiet hadde, kunne ingen av dei nås utan at ein først etablerte ein stat med styrke til å gjennomføra partiet sine prosjekt. Som aktivisten Karl Evang sa det: «Om vi ikke styrker det apparatet som skal gjennomføre våre saker, så går det ganske enkelt i potta.» Deretter måtte ein etablera eit embetsverk med erfaring til å bruke apparatet, ein måtte fylle apparatet med folk som hadde dei naudsynte kunnskapane (til dømes hadde finansdepartementet heile 93 prosent juristar!), og ein måtte kopla apparatet til det samfunnet ein freista å endra. Denne erfaringa – blant så mykje anna – gjorde Arbeiderpartiet til det vi i dag omtaler som et «styringsparti»: Eit parti som har erfaring med å nytta staten til å gjennomføra sin politikk. Det er det motsette vi ser når både SV og Frp tapar veljarar på å gå inn i regjering: ‘Umodne’politiske parti som ikkje evnar å forstå alle dei intrikate og komplekse maktrelasjonane som finst innanfor departementa sine fire veggar.


Arbeiderpartiet sin rolle som styringsparti handlar ikkje først og fremst om evne til å gjennomføre kompromissvennleg politikk, men om å vite korleis statsapparatet fungerer. Og sidan reformynskja i partiet glimrar med sitt fråvær, inneber dette også ein vilje til å tilpassa seg statsapparatet sine verkemåtar. Motsett er ikkje oppfatninga om Raudt og SV som umodne parti åleine ein konsekvens av den politikken partia har lagt fram. Det handlar først og fremst om ein manglende fortrulegskap med korleis staten fungerer. Dersom vi ønskjer å skapa ei radikal venstresidepolitisk rørsle som kan vera ein verkeleg kanal for makt, så må venstresida også forholda seg kritisk til staten. Vi kan ikkje setja oss ned i departementet, og spørja Anniken Hauglie korleis ein driv eit arbeids- og sosialdepartement. Det trengs ein nyansert og grundig forståing av dei maktrelasjonane som staten naudsynlegvis føreset, byggjer på, og bidreg til å halda oppe.


Dette nummeret kjem ikkje til å vera en guide for vordande styringspolitikarar, men dei problematiske sidene ved staten som vert drøfta av forskjellige skribentar, dannar utgangspunkt for diskusjon av problemstillingar som desse politikarane vil møta når dei tek over spakane i den norske staten. Regjeringa sin avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform er ein stor og vesentleg reform i moderne norsk statshistorie. Reforma sin grunngjeving og verknad blir forstått i lys av både høgre- og venstresida sin aksept for marknadslogikken i artikkelen til Lone Lunemann Jørgensen. Øystein Monsen gjev oss også ei analyse av staten sin rolle i marknaden, og internaliseringa av marknadsprinsipp i staten, ved å freista å forstå marknaden som eit økosystem med behov for en viltvoktar.


Ei anna sentral skiljeline i norsk statshistorie går mellom sentrum/periferi. Heilt sidan etterkrigstida har varierande regjeringar sentralisert makta i landet til Oslo. Regionreform og nedlegging av distrikt er ikkje noko unikt for den nyliberale politikken som førast i dag, men har snarare vore eit gjennomgåande trekk i den norske staten lenge, uavhengig av regjeringar. Eirik Magnus Fuglestad spør korleis vi skal forstå denne sentraliseringstrongen.


Staten står ikkje berre i relasjon til geografien i Noreg, men skapar sjølv denne geografien. Sjølv om vi aksepterer eit behov for sentral planlegging, om det så spring ut av Oslo eller Mo i Rana, er det likevel eit faktum at denne planlegginga baserer seg på eit fakta- og talgrunnlag som staten i seg sjølv har skapt grunnlaget for gjennom kartverket. Kristine Salvesen forklarer korleis det offentlege kartgrunnlaget ikkje passar med terrenget, men heller er grunnleggjande reduksjonistisk og skapar «det kartlagte» som eit manipulerbart forvaltningsobjekt, og forklarer korleis dette påverkar utgreiinga av Nord-Norgebanen. At staten skapar det den sjølv forvaltar er også tydeleg i teknologisk samanheng. Bård Torvetjønn Haugland har nyleg gjennomført eit forskingsprosjekt om prøveordningane med automatiserte køyretøy, og forklarer korleis staten abdiserer frå forvaltarrollen når den let dei private selskapa ha ansvar for testregima som dei sjølvkøyrande bilane får operere under.


Men staten er ikkje berre ein abstrakt aktør som har verknad på samfunnet, den er skapt og vert attskapa gjennom dei politiske kampane som krev at staten skal vera det den er, eller noko anna. Dette poenget løftast fram av Ingrid Wergeland, som spør kvifor vi treng ein velferdsstat, og korleis den trugast av stadig mektigare privat kapital som vil undergrava det som historisk har vore eit av venstresida sine store prosjekt. Når miljøkrisa er så nært føreståande som den er, kan ikkje eit nummer vera utan ein tekst om denne. Victor Okpe analyserer korleis forskjellige delar av miljørørsla stiller seg til staten, og syner korleis dei alle baserer seg på ei tru på staten sin evne til å gjennomføra «tiltak». Okpe manar til nytenking, og ei forståing av at miljøkrisa ikkje aleine kan løysast gjennom det same apparatet som så langt har vore fullstendig utilstrekkeleg. Verkemidla staten har moglegheit til å ta i bruk syner seg ikkje minst gjennom det juridiske systemet. At vi treng reglar og normer verker nesten som ei endå større sjølvfølgje enn at vi treng ein stat, men er det slik? Tarjei Ellingsen Røsvoll stiller spørsmålet, og svarar kanskje, gjennom ei utgreiing av den understuderte marxistiske juridiske teorien.


Til slutt, men i starten av nummeret, har vi ein storslagen innføring i Karl Marx’ forståing av den moderne staten. Oscar Dybedahl sin tekst kontrasterer Marx’ teorier med Adam Smith sin forståing av staten, og syner oss nok ein gang kvifor Marx’ analyser framleis har stor verdi for den moderne venstresida.


Med tekstar på alle deler av abstraksjonsskalaen, vil dette nummeret vonleg gje ein basis for å forstå staten med ein sterkere kritisk sans enn det venstresida i Noreg både no og tidlegare har fremja. Senterpartiet sin vekst og den tilhøyrande kritikken av sentralmakta syner at ein slik kritisk sans ikkje berre piplar fram i radikale studiesirklar, men kan utgjera kjernen i ein av dei mest levande politiske røyrslene i Noreg. Ein slik kjennskap, så ofte tapt av at sentrale politiske aktørar sjølv får si makt frå kjerna i Oslo, må venstresida kunna kapitalisera på. Det er ikkje noko betre måte å gjera noko med det på, enn å utvikla ein sjølvstendig kritikk av staten.