top of page

Mållaus effektiviseringsreform

Lone Lunemann Jørgensen


ILLUSTRASJON: Catrine Kooyman

Lone Lunemann Jørgensen, leiar i Norsk Tjenestemannslag Ung, forklarar korleis avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er eit spesifikt utslag av marknadslogikkens påverknad på offentleg sektor. Så foreslår ho korleis me kan gjera ende på denne logikken.

Kva tyder det å vere effektiv? Av og til verker det som om dette er nyliberalismen sitt mantra. Anten det gjeld eins eiga evige jakt på personleg suksess eller institusjonane rundt oss, private så vel som statlege; om du ikkje er effektiv har du ikkje livsrett innanfor kapitalismens rammer. For den enkelte gjeld det å selje seg sjølv inn som ein arbeidstakar som alltid gjev 110% i møte med ein potensiell arbeidsgjevar. For private bedrifter og verksemder er dette marknadens logikk. Ver effektiv og smart eller tap pengar. Tapar du pengar kan du ikkje konkurrere mot andre med same idé, vare eller føremål. Eit aspekt av det å vere smart handlar om å marknadsføre seg sjølv på best mogleg måte slik at fleire får lyst til å nytte seg av tenestene eller varene dine.


Dette er ikkje nytt og har alltid vore grunnprinsippet i den kapitalistiske marknaden. Men å nytte denne logikken på det offentlege tenestetilbodet er relativt nytt. Vi kan flire oss skakke av teite kommuneslagord og misforstått modernisering i møte med ein traust offentleg sektor, men det er eit uttrykk for den same utviklinga. Marknaden sin logikk skal også gjelde for kommunen din, som må tiltrekke seg kundar (les: innbyggjarar) gjennom å utvikle «kjerneverdiar» og «robust kompetanse». Dette er ei dreiing mot eit retorisk ideal som inntil ganske nyleg har gjaldt private verksemder, men som no også kan sjåast som eit uttrykk for korleis det nyliberale hegemoniet og tankesettet har sett seg.


«Vi kan flire oss skakke av teite kommuneslagord og misforstått modernisering i møte med ein traust offentleg sektor.»

Nyliberalisme som politisk ideologi er ikkje ei ny oppfinning, og har slått rot i fleire land sidan midten av syttitalet, kor ulikheita veks og kor det meste som går an å privatisere er privatisert. Eg skal i denne teksten halde meg til den sittande regjeringa. Erna Solberg og høgresida vann valet i 2013 på ein politisk plattform som tilsynelatande baserte seg på «sunn fornuft»; dei skulle modernisere og effektivisere staten. Tomme uttrykk ingen kan vere usamde i, og difor kunne regjeringa fylle det med det dei ville. Og høgrepolitikk er og blir høgrepolitikk: Det er meir privatisering og skattelette for dei med mest. Det er smålege kutt i støtte til briller til ungar med dårleg syn, til tannregulering, til dei ekstra utgiftene for dei med glutenallergi, og det er kutt i støtta til uføre pensjonistar – alle dømer frå årets statsbudsjett. Utgiftene til dei offentlege tenestene skal helst vere så låge som mogleg, og det er opp til kvar enkelt om ein ynskjer å nytte seg av dei. Valfridom er som kjent eit anna av nyliberalismen sine mantra.


I regjeringsplattforma frå 2015 kan ein også lese at velferdstenester skil seg lite frå andre typar tenester, og difor heilt fint kan drivast med konkurranse. I det nyliberale hegemoniet er det eit mål at staten skal vere så liten som mogleg, og i 2015 starta regjeringa nedskjeringa av det offentlege gjennom ein mykje omtalt avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, heretter kalla ABE-reforma. Kort sagt: Årlege flate kutt i driftsbudsjetta til alle verksemder i staten, med ein start på 0,5% kutt. I utgangspunktet høyrast dette ikkje så ille ut, men frå før hadde fleire verksemder allereie gjennomført omfattande digitaliseringsreformer, og det var det ikkje meir å hente etter desse prosessane. Kor skjer då innsparingane? Jo, gjennom tilsettingsstopp eller nedbemanning. Kutta vil i tillegg tvinge fram konkurranseutsetjing eller privatisering av tenester, noko som på kort sikt kan føre til innsparingar. Konsekvensane av det er mellom anna mindre robuste og stabile fagmiljø i det offentlege, heilt i tråd med regjeringa sine politiske visjonar.


«Erna Solberg og høgresida vann valet i 2013 på ein politisk plattform som tilsynelatande baserte seg på «sunn fornuft»; dei skulle modernisere og effektivisere staten.»

ABE-reforma gjev altså meining om ein ser på staten med nyliberale briller: Det er ikkje eit mål i seg sjølv at staten skal ha nok tilsette og store nok budsjett til å levera gode tenester. Det er i det private verdiar blir skapte. Slik er det berre, om ein tenkjer verdiar utelukkande i form av kapital, og kor den tidlegare nemnde marknadslogikken er det rådande synet. Vi lever i eit ideologisk hegemoni som gjer at denne forståinga av staten gjev meining, også for mange på venstresida. Ikkje sånn å forstå at ein er for private helsetenester eller at ein tykkjer det er greitt at reinhaldarane i Forsvaret mister lønn og pensjonspoeng når dei blir sett ut på anbod. Eg tenker på marknadslogikken: Det meste kan gjerast meir effektivt og lønnsamt, om ein berre har økonomisk verdiskaping som mål.


La oss starte med eit døme på at kuttpolitikk og manglande forståing for staten sitt samfunnsoppdrag har alvorlege konsekvensar. NAV får beskjed frå arbeids- og inkluderingsminister Anniken Haugli at dei skal fylgje opp unge uføre meir effektivt enn før, og difor får dei 110 millionar til den ekstra innsatsen i årets statsbudsjett. Desse unge har gått på det som heiter arbeidsavklaringspengar (AAP) og blir fylgt opp av sakshandsamarar, med mål om at dei skal kome seg attende til arbeidslivet. I 2018 kutta ein i tida desse unge har rett på AAP frå fire til tre år, og staten sparte dermed 2,2 milliardar(!). Når dei unge mister denne forma for stønad må dei tilsette i staden hjelpe dei med å søke om sosialhjelp og å fatte vedtak om dette. Frå tilsette i NAV høyrer vi korleis dette gjer at byråkratiet aukar og at fleire unge hamnar lengre vekk frå det arbeidslivet dei kanskje kunne komen seg inn i igjen. Ministeren meiner at konsekvensane er greie, for ein kan jo ikkje ha det slik at folk som ikkje er i arbeid får meir utbetalt frå staten enn t.d. det ein fulltidsstudent får. Det vitnar om ei manglande forståing for korleis det er å vere sjuk og fattig, og det synar ein konsekvent mistillit til dei som står lågast på rangstigen i samfunnet. I tillegg er absurditeten grenselaus når byråkratiet faktisk veks fordi midlar fordelast annleis.


«Det meste kan gjerast meir effektivt og lønnsamt, om ein berre har økonomisk verdiskaping som mål.»

Den same Anniken Haugli kutta nemleg så mykje i trygdeytingane til uføre at det i 2020 blir omtrent 119 millionar kroner. Desse menneska har ikkje så mykje å leve for i utgangspunktet, og fleire må søke om sosialhjelp. Den fattige skal no bli målt etter kor verdig trengande hen er, månad for månad, heller enn å bli fylgt opp av ein sakshandsamar.


Ein annan etat som er hardt råka og kor budsjetta no er kutta til beinet, er fengsel- og friomsorgen. Dei tillitsvalte i kriminalomsorga fortel om færre kollegaer på grunn av tilsettingsstopp. Meir isolasjon av fangar. Meir vald. Meir utryggheit på jobb. Dei fortel om korleis det å gå på jobb i norske fengsel har gått frå vondt til verre med ABE-reforma. Det er i dag, men kva skjer når alle dei som sonar dommar no, skal ut i samfunnet igjen og bli ein del av arbeidslivet, lokaldemokratiet, og økonomien? Kor god samfunnsøkonomi er det å loggføre kortspel som «aktivitet» med dei innsette, fordi kurs og opplæring ein kan ha nytte av som lovlydig samfunnsborgar, er kutta på grunn av for lågt budsjett?


«Meir isolasjon av fangar. Meir vald. Meir utryggheit på jobb.»

Å hevde at effektivitet er ein rein nyliberal verdi er sjølvsagt ein forenkling av diskusjonen. I hovudavtalen for staten står det eksplisitt at avtalen er ein reiskap for effektivisering og fornying av offentleg sektor. Norsk Tenestemannslag, som er det største forbundet i staten, krev ein sterk offentleg sektor underlagt politisk styring med fagleg basis og tillit. Vi meiner statsforvaltninga må byggast på sentrale forvaltningsverdiar som likebehandling, rettssikkerheit, nøytralitet, fagleg uavhengigheit - og effektivitet.


Det er med andre ord ikkje slik at partane i arbeidslivet er usamde om at offentleg sektor kan drivast på ein god og effektiv måte. Og i hovudavtalen i staten står det også at medbestemming og innflytelse er grunnleggande for å utvikle offentleg sektor. Diverre går også arbeidsgjevar i ei nyliberal retning i denne samanhengen. Det nyleg nedsette arbeidsgjevarrådet i staten ynskjer å utfordre prinsippet om at arbeidstakarane og -gjevar er likeverdige partar, og vil forskyve maktbalansen mellom partane ved å endre på vilkåra for medbestemming ved å gjere det vanskelegare å forhandle (i forhandlingar må partane vere samde, i motsetnad til drøftingar, kor arbeidsgjevar har styringsrett). Dette er ei utvikling som har vore pågåande i lang tid, og er basert på marknadsretting og nyliberale idear, stikk i strid med dei prinsippa velferdsstaten må byggast på. Dei mange tilsette i det offentlege vil gjerne vere med på å bevege forvaltninga mot ei fornuftig effektivisering, og ønskjer å yte gode tenester utan å bruke fleire skattekroner enn dei må. Men det er ikkje effektivt å trimme vekk så mykje av budsjetta at ein ikkje får moglegheita til å gjere jobben skikkeleg. Nokon gongar må ein faktisk investere i kvaliteten på tenestene for å gjere dei meir effektive, ikkje berre drenere dei for ressursar, slik at dei må kjempa for å halde seg levande.


«Nokon gongar må ein faktisk investere i kvaliteten på tenestene for å gjere dei meir effektive, ikkje berre drenere dei for ressursar, slik at dei må kjempa for å halde seg levande.»

For å snakke om staten og effektivitet i same setning må vi altså ta av oss dei nyliberale brillene. Vi må utfordre premissen om at staten er ineffektiv og traust, og sjå at det er enorme verdiar som skapast i verksemdene. Det er rettsstaten. Det er hjelp til å ha pengar til mjølk og brød når ikkje helsa held i jobben. Målet til staten må vere å skape gode liv og tryggleiksnett for innbyggjarane, ikkje å oppfylle kapitalen sine krav om profitt. I ein råare global kapitalisme må vi ha rom for ein velferdsstat som gjer at folk slepp å ende opp i utanforskap om dei ikkje kan vere ein del av det vanlege arbeidslivet. Kor vi seier at ja, vi har råd til å la unge med låg arbeidsevne bli fylgt opp av sakshandsamarar med tid til dei. Ein stat kor dei som sitt bak lås og slå faktisk skal bli rehabilitert på ein verdig måte, og kor ein er trygg på at rettane til innbyggjarane blir ivaretekne i rettsstaten, uansett kor i landet dei bur. Det er politiske val som kostar samfunnet pengar, men det er val som i eit anna samfunnsøkonomisk perspektiv enn det nyliberale løner seg.


For å snakke om dette på våre premiss, så må vi nytte ein like strategisk retorikk som det høgresida gjer når dei etablerer sine løysingar som sunn fornuft. Eit døme til inspirasjon er debatten om dei kommunale tenestene. Denne sektoren har vore prega av anbodsutsett renovasjon, rike barnehagebaronar og sosial dumping i helsesektoren, og debatten har no snudd til fordel for venstresida. Omgrepet velferdsprofitør er kjent for mange, og er eit nøkkelomgrep til å forstå at ordskiftet no handlar om kor skattepengane våre forsvinn. Ei rekke avsløringar om at det ikkje er kvinnelege gründerar i lokalsamfunna som ber full barnehagedekninga på skuldrene sine, har gjort sitt til å snu debatten. Systematisk arbeid av For Velferdsstaten og Manifest, saman med fagrørsla lokalt, har ført til at fleire og fleire kommunar no snur og heller tek tenestene tilbake i offentleg regi. Høgresida og arbeidsgjevarorganisasjonane klør seg i skolten og prøvar å snu opinionen med nyord som «velferdsmiks» (utan å lukkast heilt). Kan vi lære noko av denne debatten? Den breie venstresida treng eit språk og ein retorikk for å løfte våre perspektiv, slik at vi kan skape ei felles forståing av at staten og offentleg sektor er viktig for fleire enn dei som jobbar der. Venstresida må ta eigarskap til staten sitt samfunnsoppdrag og vere tydelege på kva vi vil den skal vere. Vi kan ikkje berre sei at staten er noko anna enn det private næringslivet, men at den oppfyller heilt andre føremål – også det som ikkje kan teljast. Velferdsstaten er eit omgrep som kan romme mykje, og det er vår oppgåve å halde fram med å fylle det med gode assosiasjonar og politikk. Også må vi hugse på at all politikk kjem frå ein plass – det er ikkje staten i seg sjølv som kuttar og legg ned flybasar, studiestadar eller innkrevjingskontor, det er det regjeringa som gjer.


«Velferdsstaten er eit omgrep som kan romme mykje, og det er vår oppgåve å halde fram med å fylle det med gode assosiasjonar og politikk.»

Fagrørsla som representerer privat sektor må og forstå at statleg tilsette sine jobbar også er under press, slik mange i til dømes oljenæringa fryktar for arbeidsplassane sine. Å vere statleg tilsett gjev ikkje nødvendigvis den same tryggleiken det var før i tida. Ikkje berre fordi vi snakkar om nedskjeringar i driftsbudsjett, men fordi arbeidsvilkåra til offentleg tilsette også er trua. I akademia er bruken av midlertidige stillingar så høg som 24,9%. Det er nesten ti prosent høgare enn i resten av arbeidslivet. For det andre kan eg nemne konkurranseutsetting, kor eit godt døme er reinhaldarane som ikkje lenger blei definerte som ein del av kjerneverksemda til Forsvaret. Kvinner på over femti som hadde brukt bortimot heile arbeidslivet sitt i tenesta, skulle ikkje lenger få AFP (avtalefesta pensjon) fordi dei skulle jobbe i det private selskapet ISS (som elles ikkje klarar å levere reinhaldet dei skal, slik at kontortilsette i Forsvaret endar opp med å vaske lokala sine sjølv). Reinhaldarane i Forsvaret var ein del av ein tariffavtale som ikkje er under direkte press med det fyrste (om LO, YS og Unio klarar å oppretthalde medlemstala sine i staten, og dermed oppslutninga til avtalen), men dei var langt i frå høgtlønte. Skal vi akseptere at dei mistar oppspart pensjon fordi arbeidsgjevaren ikkje lenger vil vere arbeidsgjevar? Dette synar kor uansvarleg staten som arbeidsgjevar kan vere om det er dei rette politiske haldningane som legg føringar. Høgresida er ikkje interesserte i å vere ein arbeidsgjevar etter likskapsprinsippet slik det er nedfelt i hovudavtalen. Nedsettinga av det tidlegare nemnde arbeidsgjevarrådet, og det dei har komen med, er eit godt døme på det.


Om to år er det igjen stortingsval. Eg er sikker på at eg snakkar for fleire i fagrørsla når eg ber om at dei politiske partia på venstresida frontar politikk for å utvikle offentleg sektor på arbeidarklassen sine premiss. Eit tryggleiksnett for dei av oss som ikkje kan vere i arbeid, og tryggleik og tillit til dei som kvar dag går på jobb i staten, om at dei faktisk gjer det dei skal: Forvaltar verdas beste velferdsstat. Med nok tid og nok pengar.

bottom of page