top of page

Røyst #11: Leiar




Redaksjonens røyst, Røyst #11


Det er alvor no. Klimaendringane er menneskeslekta si største utfordring. Krisa er så omfattande og altomgripande at det synest umogeleg å oppsummere i ord. Korleis kan ein skrive eller seie noko meir enn det som allereie er skrive og sagt så uendeleg mange gonger før?


Av mange forsøk på å gjere dette, er omgrepet Antropocen menneskets tidsalder blant det mest kjende, sjølv om det er kontroversielt. Ordet vart lansert for nesten 20 år sidan som ei nemning på at jorda har gått inn i ein ny geologisk epoke, direkte forårsaka av menneskeleg aktivitet. Sidan har nemninga vore spreidd både i akademiske krinsar og i det offentlege ordskiftet. I Antropocen har menneskelege aktivitetar sett i verk omfattande og irreversible endringar, og øydelagt prosessar som er grunnleggjande for jorda slik ho er kjend for oss. Klimakrisa er berre éi av fleire vidt ulike, men likevel djupt samanvovne og samverkande kriser som utfordrar toleevna til planeten.[1]Alt frå forsuring av hav og ekstrem overgjødsling til den sjette masseutryddinga og kollaps av biologisk mangfald og økosystema, blir for ein stor del drive av dei same menneskelege aktivitetane som ligg bak den globale oppvarminga.[2] I denne domedagsvalsen beveger naturen og mennesket seg hand i hand mot stupet.


Skilnaden mellom korleis dei fleste politikarar, journalistar og klimaforskarar snakkar og skriv om klima på den eine sida, og det kritiske alvoret i situasjonen på den andre, er vanskeleg å overdrive. Vi slit bokstaveleg tala sund det relativt stabile habitatet som har vore ein naudsynleg føresetnad for framveksten av menneskeleg sivilisasjon.


Kritikk kan rettast mot den antroposentriske vinklinga i førre avsnittet. Miljø og dyreliv blir sjeldan omtala som noko med verdi i og for seg, men blir berre interessant når det rammar Homo sapiens. Ein slik diskusjon, i Noreg tett assosiert med djupøkologien til Arne Næss, er tankevekkande, men han er nesten ikkje å finne igjen i nokre av tekstane i denne utgåva. Mangfaldet av krisene er noko me ofte blir vare på, men tekstane i denne utgåva, er i hovudsak retta mot klimakrisa: korleis vi møter ho, kva ho gjer og vil gjere med oss og samfunnet, og, ikkje minst, kva vi på venstresida konkret kan og må gjere for å forhindre at ein allereie akutt situasjon leiar fram mot total samfunnskollaps. Naturen spelar ei omfattande rolle i ein slik kamp, men naturen kan ikkje redde oss, og berre vi kan redde han.


Men er ikkje denne skildringa av røynda i overkant alarmistisk? Resulterer ikkje slik argumentasjon i dommedagstenking og apati?


Samstundes som han gjev ein overbevisande gjennomgang av kor ille det faktisk er, argumenterer Lage Nøst for nøyaktig det motsette i den første teksten: Det et for lite alarmisme, og endå meir er faktisk naudsynt for å mobilisere i den utstrekninga som krevst. Styrken i orda til Greta Thunberg, og dei faktiske resultata som Extinction Rebellion oppnår i skrivande stund, er døme som tilsynelatande gjev han rett.

Vi seier at det er alvor no, men det kan på ein måte seiast å vere misvisande. Me har for lengst vore klar over konsekvensane av handlingane våre. Innafor dei mange akademiske diskusjonane om antropocen-omgrepet finst det likevel usemje om akkurat kva tid denne nye perioden byrja: Var det under “den store akselerasjonen”[3] etter andre verdskrigen, i forbindelse med den industrielle revolusjonen, eller må vil heilt tilbake til tida då menneska først evna å gjere opp eld? Alvoret i samtida blir klemt mellom ulike tidshorisontar, både frå fortida, men òg dei som finst framfor oss.


I den andre teksten i nummeret tek Jakob Grandin lesaren med på ei essayistisk reise der han granskar dei ulike relasjonane våre til no-et, framtida og det politiske handlingsrommet som finst mellom dei to. Vi blir synte korleis tidshorisontar underbyggjer forståinga vår av klimakrisa og korleis vi tek stilling til ho, eller snarare: korleis me ikkje stiller oss til ho i det heile. Tidsforståinga er på ingen måte gjeven, og er på ingen måte apolitisk. Ho legg djuptgåande føringar på alle politiske og økonomiske avgjerder, noko som blir spesielt tydeleg når det gjeld klimakrisa. Ei forståing av dei tidsperspektiva som underbyggjer det rådande, gjev oss innsikt i korleis vi kan bryte oss laus og samstundes skape nya horisontar som kan informere transformativ praksis.


Antropocen-nemninga har også blitt kritisert av dei som argumenterer for at det på ingen måte er heile menneskeslekta som er problemet, og at krisa neppe rammar jamt mellom fattig og rik.[4] Somme argumenterer heller for å bruke nemninga Capitalocene, og peiker dermed på det kapitalistiske systemet som hovudproblemet.[5] Diskusjonen mellom anti-kapitalistar og dei som forfektar tiltak for reduksjon av utslepp innafor rammene til systemet i dag, splittar miljørørsla og den radikale venstresida både i og utanfor Noreg.


Anna Kvam ser nærmare på argumenta til dei som meiner at økonomisk vekst anten er ein del av problemet eller ein potensiell del av løysinga, då ho skil mellom harde og mjuke vekst-kritikarar. Ho argumenterer for at dei to perspektiva og diskusjonane dei imellom, i alle fall i Noreg, fyller ein sentral funksjon, så lenge det er mogeleg for representantane å føre ei konstruktiv samtale. Redaksjonsmedlem Tarjei Røsvoll argumenterer på si side for at heile diskusjonen om vekst eller ikkje-vekst er på feil spor. Via ei pedagogisk utgreiing av generell marxistisk teori, og meirverdiproduksjon spesifikt, argumenterer han for at det er det udemokratiske eigarforholdet over midlane for produksjon som er problemet. Anten ein ønskjer grøn vekst eller nullvekst, må ein først ta kontroll over økonomien for å kunne gjere noko som helst.


Ivar Vangen, derimot, argumenterer for at vi ikkje treng å bryte med kapitalismen. I sin tekst forklarar han eit spesifikt marknadsøkonomisk verktøy som han meiner vil vere nok: karbonavgift til fordeling (KAF). Tanken er å innføre ei aukande avgift på utslepp av karbondioksid, men der pengane går direkte tilbake til medborgarane. Han viser til mange fordelar med avgifta, og argumenterer for kvifor Noreg kan og burde innføre dette.


Gregory Ferguson Cradler greier ut om den intellektuelle striden kring lovforslaget “The Green New Deal" (GND) på andre sida av Atlanterhavet, fremja av blant andre det politiske stjerneskotet Alexandria Ocasio-Cortez. Kampen finn ikkje berre rom i det offentlege ordskiftet eller hos Demokratane: Det er også ein høgst verkeleg og materiell konflikt. Gregory argumenterer overbevisande for korleis grøn omstillingspolitikk nødvendigvis må gå hand i hand med progressiv politikk for å få gjennomslag.


Både KAF og GND har gjort inntog i norsk ordskifte. På SVs landsmøte i år proklamerte Audun Lysbakken at partia skal arbeide for ein «grøn ny deal»[6], og i mars fremja Raudt eit stortingsforslag om ein «Ny industriell revolusjon - rettferdig og miljøvennlig»[7]. Begge partia, saman med Miljøpartiet dei Grøne, argumenterer også for innføring av karbonavgift til fordeling i Noreg. Tekstane til både Ivar og Gregory er difor rettkomne, og syner korleis venstresida kan skape ein politikk som tek omsyn til heilskapen og som samstundes er raud og grøn.


I ein tekst om dei internasjonale forsøka på å redusere utsleppa av klimagassar ser Marie Thorsen nærmare på korleis det gjekk med den såkalla Clean Development Mechanism (CDM), som var ein del av Kyoto-protokollen (forgjengaren til Parisavtalen). Her forklarar ho kva resultata vart, til nytte for kvar ein diskusjon om internasjonalt klimasamarbeid. Alle overstatlege avtalar som fordeler byrda av å redusere utslepp, med eller utan utsleppskvotar, må ta lærdom av korleis og kvifor CDM feila.

Eit viktig tema som blir stadig meir aktuelt, er korleis me skal klare å tilpassa oss eit endra klima – med alle konsekvensane det ber med seg. Mina Haugen ser på ein av konsekvensane mange meiner vi allereie ser byrjinga på i dag: klimafordrivne menneske. Med eit allereie ikkje-fungerande rammeverk for å handtera flyktningar argumenterer ho for at jussen antakeleg ikkje kan vere ei løysing på dette problemet.


Klimatilpassing er òg temaet for spesialseksjonen som avsluttar denne utgåva av Røyst, der litteraturkritikar Espen Stueland og professor i vitskapsstudiar Kristin Asdal kritisk utforskar NOU 2010:10. Tilpassing til eit klima i endring — Samfunnet si sårbarheit og behov for tilpassing til konsekvensar av klimaendringane. Desse lesingane av NOUens språk, utforming, bodskap og verkemidlar vil bidra til å forstå kva som står på spel i omstilling til eit nytt klima, men også korleis slike styringsdokument fungerer i forvaltninga i Noreg.


Klimakrisa er den største utfordringa vår. Det er alvor no – og det har det vore lenge. Medan vi framleis haltar i veg etter rapport på rapport om kor ille det eigentleg står til på kloden, er håpet vårt at diskusjonen på desse sidene skal vere med på å skape eit betre og meir konstruktivt ordskifte på norsk venstreside. God lesing!


[1] Steffen, Will, et al. «Planetary boundaries: Guiding human development on a changing planet». Science 347, 6223 (2015): 1259855. [2] Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services (IPBES). «Media Release: Nature’s Dangerous Decline ‘Unprecedented’; Species Extinction Rates ‘Accelerating’». 2019. [3] Steffen, W. et al. Global Change and the Earth System: A Planet Under Pressure. New York: Springer, 2004. [4] Malm, Andreas, og Alf Hornborg. «The geology of mankind? A critique of the Anthropocene narrative». The Anthropocene Review 1, 1 (2014): 62-69. [5] Moore, Jason W. (red.). Anthropocene or Capitalocene? Nature, History, and the Crisis of Capitalism. Oakland, CA: PM Press, 2016. [6] Holmes, Martha og Bjørn Haugan. «SV gjør som venstreside-stjerne i USA: Vil ha ‘grønn ny deal’ i Norge.» Verdens gang. 26.03.2019. [7] Stortinget. «Representantforslag 103 S (2018–2019) fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes». 14.03.2019.

bottom of page