top of page

Redaksjonen si røyst: #13 - Bruk av land og hav


Framsideillustrasjon: Marius Henriksen
Framsideillustrasjon Røyst #13: Marius Henriksen

Kva for ressursar skal vi byggja framtidas næringar på? Det spørsmålet har vore utgangspunktet for arbeidet med dette nummeret av Tidsskriftet Røyst.


For mange av oss vert spørsmålet fort teoretisk, der vi sit på kontor og lesesalsplassar og knapt har gjort eit nevenyttig dagsverk i våre liv. I dagleglivet kan ein lett gløyme kva det er realøkonomien er basert på. Det er ikkje appar, konsulentverksemd eller finansmeklarar som bygde landet vårt, eller som held samfunnet vårt i gong. Koronakrisa har vore ein dramatisk påminning om det. Kan det vera at dei siste månadane vil kunna gi grunnlag for eit politisk skifte i retning av ein meir offensiv og aktiv nærings- og distriktspolitikk? Det vil i så fall vera på høg tid.


Etter oppdaginga av olja i Nordsjøen, har distriktspolitikken og norsk fastlandsindustri nesten forsvunne frå den politiske agendaen. Tal gardsbruk har gått ned frå 155 000 til 39 000 dei siste femti åra, og stadig fleire grender må gi etter for fråflyttinga. I Nord-Noreg kjempar lokalbefolkninga for retten til å få fisken i land, slik at dei kan skapa arbeidsplassar for fiskarar og foredlingsnæringa. Norsk treforedlingsindustri ligg med broten rygg, og mange norske bedrifter har anten flagga ut produksjonen eller vorte kjøpt opp av utanlandske investorar. Kven som skal eige ressursane, og kor og korleis ein skal foredla dei, er politisk sprengstoff som reflekterer dei evige konfliktane mellom kapital og folk.


 
 

Nokre vil hevda at utviklinga er ein naturleg konsekvens av effektivisering. Det er sant at det har skjedd ein enorm produktivitetsvekst i primærnæringane og den landbaserte industrien. Eksempelvis har ingen norsk næring kunna visa til større effektivisering dei siste tiåra enn jordbruket. Men det har også breidd seg ut ein aksept for premissen om «nøytral» næringspolitikk, at nærings- og industriutviklinga skal skje «av seg sjølv», utan politisk inngripen. Dette har ført til at vi på mange måtar har havna i råvarefella.


Handelsbalansen til fastlands-Noreg viser no eit underskot på 275 milliardar kronar. I staden for å produsera høgkvalitets trevirke og vera i front på å skapa nye, fossilfrie trebaserte produkt, eksporterer vi stokkane billeg og importerer foredla produkt frå utlandet. Vasskrafta vår, som har potensial for å vera ein grøn motor for ny, miljøvenleg og landbasert næringsutvikling, vert eksportert framfor å verta nytta til å byggja framtidas industrieventyr. Har nedbygginga i landbasert industri vore ein naudsynt pris å betala for å surfe på det norske oljeeventyret? Og kva skal i så fall skje no, når vi byrjar å sjå at omstilling før eller sidan er uunngåeleg?


Har nedbygginga i landbasert industri vore ein naudsynt pris å betala for å surfe på det norske oljeeventyret?

Vi vert stadig meir avhengig av ein oljenæring med utlaupsdato, medan kunnskapen om, og strukturane for, anna verdiskapande arbeid sakte forvitrar. Etter kvart som ein stadig større del av befolkninga tek høgare utdanning, og dei som arbeidar i industri og primærnæringane vert stadig færre, er det òg færre som har røynsle med nevenyttig arbeid. Det gjeld også blant dei som bestemmer over politikken og utviklinga i samfunnet.


Venstresida har fram til no vore famlande og utan tydelege løysingar for korleis vi skal få til den storskala arbeids- og næringsomstillinga vi treng for å byggja vårt nye land i ein berekraftig, klimaomstilt og kortreist verd. Denne abdikasjonen kan og må no vendast til ei ny og kraftfull mobilisering. I dette nummeret freistar vi å gi nokre konkrete svar på spørsmålet om kva vi skal leva av i framtida. I tråd med temaet «bruk av land og hav» er dette kanskje eit av dei mest handgripelege numra Røyst har laga. Overordna ideologi og teoretiske diskusjonar vert kombinert med praktisk politikk og jordnære betraktningar.

Foto: Jorunn Valle
Foto: Jorunn Valle

I den første og lengste teksten set redaksjonsmedlem Mari Austvoll Gjengedal tona ved å lansera eit nytt jordbrukspolitisk manifest for venstresida. Ho skildrar ti punkt som ho meiner bør vera førande for ein ny og offensiv venstresidemobilisering for norsk jordbruk. Etterpå utfordrar vi Jeanette Onarheim Syversen (Raudt) og Marthe Hammer (SV) frå Vestland fylkesting på konkret politikk for næringsutvikling i distrikta. Småbrukar Kathrine Kinn rapporterer frå stølsvollen sin om situasjonen i jordbruket, og reflekterer essayistisk over politiske, sosiale og ideologiske grunnar til at vilkåra for småbrukarar gradvis har blitt utarma over tid. Andreas Sjalg Unneland (SU) tek til orde for at mindre, men meir berekraftig, kjøtproduksjon vil kunna vera positivt både for miljøet og for den norske sjølvforsyninga.


Dinest spør samfunnsgeograf Nora Geirsdotter Bækkelund: Korleis skapar folk på bygda endring? Med døme frå Flåm, Odda og Sogndal peiker ho mot at offentlege institusjonar, sosiale nettverk og eldsjeler som veit å sjå moglegheiter, spelar ein avgjerande rolle for å realisere bygda sitt potensial. Så retter vi blikket mot havet. Bror Tandberg stiller spørsmålet om korleis fiskerinasjonen Noreg opptrer i den internasjonale kampen om havressurser, med makrellen som døme. Han gjev eit historisk bakteppe til konflikten kring makrellfisket i Nordsjøen, og set dette inn i ein dagsaktuell kontekst. Kan Brexit og Boris Johnson sin fiskerinasjonalisme føra til ein ny makrellkrig? Kristine Salvesen gjev på sin side, gjennom både tekst og bilete, eit personleg og informativt innblikk i korleis vilkåra for lofotfisket i Moskenes kommune har utvikla seg. Innanfor ramma av berekraftig utvikling, er det fiskenæringa eller turistnæringa som bør danna grunnlaget for kommunen sin næringssatsing? Kva vil det eigentleg seia å driva berekraftig næring på lokale naturressursar? Mykje i samfunnet vårt er påverka av at vi er eit klassesamfunn, også aspekt vi vanlegvis ikkje er bevisst på.


Jurist og tidlegare redaksjonsmedlem Anders Parmann gjev i sin oppramsing av framandarter eit kritisk skråblikk på korleis også vår fauna er blitt prega av klassesamfunnet. Vi kan heller ikkje gi ut eit nummer som dette utan å ta opp grøn industriomstilling. Jonas Algers frå Manifest Tankesmie skriv om kor viktig det er at staten tek på seg leiarrolla i omstillinga av norsk industri. Samstundes nemnar han korleis vi ikkje kan vera blind for ein eventuell sosial slagside, og korleis omstillinga også er nøydd til å vera grunnleggjande rettferdig. Til slutt spør redaksjonsmedlem Vemund Knudsen kva vi kan læra av historia til den norske arbeidarrørsla i si bokmelding av Mímir Kristjánssons nye bok Martin Tranmæls Metode. I boka minner forfattaren oss om at venstresida må unngå avsporande debatter, at den må tørra å eiga sin eigen politikk, og tørra å vera systemkritisk. På dei siste sidene kan du også kosa deg med Tarjei Ellingsen Røsvoll og Johan Elfving sine tilbakeblikk på to viktige bøker frå 2018: The progress of this storm av Andreas Malm, og Chantal Mouffe sin For a left populism.


Ein satsing på berekraftig næringsverksemd basert på naturressursane våre, er den einaste vegen inn i eit grønt og omstilt samfunn. Staten har så langt ikkje vore viljug til å føra ein aktiv og modig næringspolitikk som bidreg til lokal verdiskaping og norske arbeidsplassar i primærnæringane og fastlandsindustrien. Men det å ikkje gjera noko, er også eit aktivt val. Oppgåva framover vert å samla oss om tydelege, medvitne og offensive løysingar som set distrikta, nasjonal verdiskaping og lokalt eigarskap tilbake til sentrum av næringspolitikken.


Det å ikkje gjera noko, er også eit aktivt val.

Utfordringa for venstresida er å staka ut ein kurs som er eit tydeleg alternativ til politikken som har vore ført. Den må klara å mobilisera for nye og truverdige politiske løysingar som gjer at vi kan koma oss gjennom den krevjande omstillinga samfunnet må ta, på ein måte som gjer oss betre stilt, ikkje verre. Denne mobiliseringa vil Røyst bidra til. Vi er tidsskriftet som skal bidra til å samla ein slagkraftig venstreside om framtidas radikale politikk. I tida som kjem vil vi gjera det vi kan for å møta det auka behovet for politisk tankeleik og debatt.


Dette nummeret markerer eit skifte i Røyst kor vi doblar produksjonen frå to til fire numre i året. Så lenge vi kan, vil vi bidra til å løfte nye idéar og stemmer i debatten. Vi vonar du likar utviklinga, og takkar samstundes deg som les. Det er du, som er abonnent og som støtter Røyst sitt arbeid, som bidreg til å gjera dette mogleg.

bottom of page