Håp frå oske



Tekst: Thor Olav Iversen og Jens Haag



Disco Elysium er eit spel om paradokset ved å måtte båe gi slepp og halde fram, i politikken så vel som i kjærleiken.


Spelaren vert konfrontert med ein interessant tanke i dataspelet Disco Elysium. Hovudkarakteren er ein drukkenbolt og politimann utan hukommelse, og vert stadig heimsøkt av idear som han reflekterer kring og internaliserer i ulikt mon. Dei ulike ideane gjev han bonusar og ulemper i spelinga. Ideane er først lause tankar, men utvalte tankar krystalliserer seg ut i openberringar etter ei viss tid. Denne tanken handlar om kommunisme. I Revachol, byen der spelet tek stad, vart kommunsimen valdeleg knust av ein internasjonal koalisjon med marknadsliberale statar. Som spelet seier, tok kapitalen av seg sin smilande maske og avslørte eit horribelt brannbombande beist som la byen øde fram til kvar einaste kommunist var daud eller øydelagt. Men det tyder ikkje at kommunismen er daud. I sin opphavlege refleksjon om kommunisme ser hovudkarakteren føre seg at han for eiga maskin skal byggje opp att Revachol-kommunen og titulerer seg sjølv som “Den store kommunisme-byggjaren”.

Etter at åtte timar med tenking har kome og gått, er dei konkluderande refleksjonane som følgjer: “0.000% av kommunisme har blitt byggja. Onde og bornemyrdande milliardærar styrar verda med eit skitent glis. Alt han har klart å gjere er å gjere seg sjølv trist.” Dette er ein destillert framstilling av eksistensen som moderne sosialist. Det er også svært morosamt og deprimerande. Båe delar kjenneteiknar Disco Elysium. Spelet er essensiell kunst ikkje berre for dei som plar spele dataspel, men for alle, og særleg folk på venstresida. Spelet vart sloppe på nytt i vår med fullt stemmeskodespel og meir innhald. 12. oktober kjem det ut til Nintendo Switch og Xbox. No er difor ei perfekt tid å prøve det på.



Lag med politikk


Balansen mellom å slutte fred med fortida og å byggje for framtida er sentral for Disco Elysium sitt narrativ. Hovudkarakteren har fått sjeleleg banesår av kjærleikssorg og vert tvungen til å konfrontere følgjene av år med sjølvskading. Revachol er samstundes djupt merka av ein feila sosialistisk revolusjon. Metropolen vert styrt av den utlandske organisasjonen Moralintern, som styrer etter ein teknokratisk ideologi som berre kan skildrast som Europakommisjonen på speed.

Spenninga mellom dei kosmopolitiske herskarane og dei innfødde syner seg sjølv i politistyrken der hovudkarakter Harrier Du Bois er tilsett som detektiv: Politiet er oppkalt etter og er etterkommar av borgarmilitsar som oppstod etter at revolusjonen var utradert. Den har eit spent forhold til sine utlandske sjefar, som er koalisjonen som bomba Revachol-kommunen sønder og saman.

Kulehol er framleis spredd langs dei slitte veggane i arbeidarklassenabolaget Martinaise, som er området vi utforskar. Gamle bombekrater vert nytta til å spele petanque. Innbyggjarane i Martinaise ynskjer ikkje politiet velkomne. Dei vert sett på som den valdelege maska til utlandske interesser.

Til trass for at spelet utforskar ei rekke tema frå rusavhenge til paranormale krypto-artar er det heildekka i eit tjukt strøk med politikk, og minnar om søramerikansk magisk realisme. Det vevar folk sine daglegliv saman med ein avgrunn av valdeleg politikk og emosjonell, snarare enn objektiv, sanning. Som i røynda er det ikkje mogeleg å rømme frå politikken. Spelarar kan rollespele ideologiske utgangspunkt frå kommunisme til fascisme via sentrisme og libertarianisme. Spelet har likevel ein særleg hug for sosialisme. Under ein pristale for det prestisjetunge Game Awards, takka spelskaparane Karl Marx og Friedrich Engels.

Skaparane ZA / UM er ikkje berre spelutviklarar, men kom opphaveleg saman som eit kunstnarkollektiv med erfaring frå ei rekke kunstformar. ZA / UM har altså følgt ei anna kurve enn dei fleste spelselskap. Disco Elysium er også det første spelet av ein viss skala som kjem frå den tidlegare sovjetrepublikken Estland. Utfallet er ikkje berre ein nyansert kritikk av den moderne venstresida, men også av Sovjetunionen sin feilslåtte sosialisme.



Vanheilage alliansar


Spelaren vert nesten umiddelbart kasta inn i eit sosialistisk drama. Etter å ha forlatt gjestehuset der spelaren tek kontroll over Du Bois, oppdagar detektiven ei farleg scene i ei havn. Havnearbeidararne har gått i gong med ein militant streik mot megaselskapet Wild Pines Group. Streikebrytarar freistar å sabotere aksjonen medan kapitalistar kviskrar i øyrene til Du Bois om farane for valdeleg revolusjon. Hevnlystne leigesoldatar som står på Wild Pines sin lønningsliste planlegger beint fram ein massakre. Evrart Claire er leiaren for havnefagforeninga. Han er ein skruppellaus maktspelar som styrer Martinaise med jarnhand, og har full lojalitet frå båe fagforeningsmedlemmar og sin eigen arbeidarmilits.

Verken politiet eller fattige fiskarar får stå i vegen for Evrart sine ambisjonar. Ein av hans allierte er ein fanatisk rasist og frenolog. Han hevar seg ikkje over bestikkelsar og narkolanging. Evrart sine erklærte ambisjonar er pragmatiske og inkrementelle. Han vil byggje eit senter for kriminelle og narkoavhengige ungdommar frå Martinaise. Evrart sitt motto er “Alle arbeidarar som medlemmar av styret!” Og fagforeiningspampen er mykje rikare på framgong enn triste kommunistiske bokklubbar. Men sjølv om Evrart vert portrettert som ein slimål er han ein karakter som fordrar refleksjon. For å manøvrere i den giftige politikken til Revachol og etablere eit grunnlag for arbeidarpolitikk, er det godt mogeleg at du må vere ein brutal og korrupt dritsekk.

Du kjem aldri til å sjå ut som eit moralsk glansbilete om du kjempar ein nullsumkrig mot kapitalen. Kanskje dei verste av oss er godt utstyrte til å bære ein slik byrde. Dei kommunistiske revolusjonane i vår verd feila slik som i Revachol, og etterlot seg millionar av lik og øydelagde draumar. Det er lett og uendeleg fristande å bli melankolsk. Det er akkurat det hovudkarakteren gjer om han veljar å fordjupe seg i kommunistisk tankegong. Han vert fanga i ein feila og romantisert fortid, og ikkje lenger klarar å sjå potensialet for ei mildare, meir rettvis og betre verd. Evrart er derimot ingen melankolikar. Pampen er ein korrupt opportunist, men fiendane hans er ikkje noko betre.



Oske og håp


Spelet sin historiske revolusjon strakk seg over kontinent og braut ut fem tiår før vi tek kontroll over detektiv Du Bois. Den sat i gong ei rekke konfliktar mellom kommunistar, moralistar og kongefamiliane. Då konflikten tok slutt var 40 millionar menneske daude. Revolusjonen sine flammar vart tente i nasjonen Graad av økonom og historisk materialist Kraz Mazov. Han er universet sin Marx-Lenin-figur og vert synt til som opphavsmannen til spelet sin variant av kommunisme. Mazov styrte ein sosialistisk respons til ein daudleg pandemi som myndigheitene lot gå ut av kontroll, avsatt styresmaktene og satt inn eit kortlevd kommuniststyre. Leiaren tok sitt eige liv under ein kontrarevolusjonær offensiv.

Spelet byr altså på ei rekke metaforar om den moderne historia til venstresida i den ekte verda. Nokre av dei kan jamvel lesast som håpefulle. Ein gamal revolusjonær kader som har gøymt seg i tiår gir ein klar påminning om at vi som politiske subjekt må gi slepp på politiske og ideologiske traumar for å byggje ei rørsle for framtida. Slik som i Revacholvart venstresida pulverisert etter den kalde krigen. Kommunismen imploderte og dei sosialdemokratiske vart koloniserte av nyliberal logikk. I USA og Storbritannia tok det fram til midten av 2010-talet for at ei venstreside som utfordrar jarngrepet til det nyliberale paradigmet skulle vakse fram.

Det er viktig å hugse at vi har komme langt dei siste tiåra.

Kommunistflagget i Disco Elysium er vakkert. Dei ulike delane er ei femkanta stjerne (som syner til omveltning av den førre politiske ordenen) plassert over eit sett med hjortehorn (som syner til attvending til ein naturleg, likare og meir rettferdig verd) av kvitt (som syner til fred). Det vert sjeldan sett, og er som eit gamalt spøkelse som stråler ut anger og otte, men også håp. No er det tid for å sjå mot framtida og byggje ei rørsle som kan vere eit bolverk mot høgreradikalisme, utfordre kapitalistisk realisme og utvide demokratiet. Det er lett å fortvile, lett å gjere seg sjølv trist, men ikkje noko som er verd å kjempe for har nokonsinne vore lett. Kanskje berre ein liten del av sosialismen sitt potensiale har blitt oppnådd. Men før arbeidarrørsla hadde vi verken velferdsstat eller medvit om klasskamp.

Å gi opp håpet om å byggje det umogelege er å gi slepp på framtida sitt enorme potensiale.