Send inn ditt bidrag til Røyst #14!

Røyst #14 vil ha fokus på alternativ økonomi. Vi spør: Finst det løysingar på problema vi står ovanfor innanfor den kapitalistiske økonomien sine rammer, eller må heile systemet bli erstatta? Og i så fall, av kva?




Det blir stadig meir tydeleg at vi står ovanfor eit vegskilje i møte med kapitalismen. Systemet må anten bli endra radikalt, eller bli kasta vekk for godt.

Vi produserer meir varer og tenester enn nokon gong i mennesket sin historie. Likevel veks den økonomiske ulikskapen i rekordfart. Store delar av verdas befolkning er dårlegare stilt i dag enn dei var for eit par tiår sidan, medan dei rike har blitt endå rikare.

Omkring ein milliard menneske lever i djup fattigdom, samtidig som eit fåtal velt seg i tilsynelatande grenselaus rikdom. Rikdommen på toppen av samfunnet har opphav i ein hemningslaus produksjon av varer og tenester, som held fram trass i utsleppa vi veit følger med dei. I jaget etter profitt blir både mennesket og omgjevnadane våre ofra, i en prosess politikarane anten ikkje vil, eller tilsynelatande ikkje kan gjere noko med.

Mykje tyder på at vi er på veg mot den største økonomiske krisa sidan 1930-tallet sin “store depresjon”. Til tross for at det ikkje er meir enn 12 år sidan forrige finanskrise, er det mykje som peiker på at verdsøkonomien igjen er i ferd med å kollapsa. Som sist gong er konsekvensane masseoppseiing, konkursar, gjeldsopphoping og monopolisering. Som vanleg er det arbeidsfolk som må ta dei verste konsekvensane for kapitalismen sine feil og manglar, medan dei rikaste blir redda av skattebetalarane sine pengar.

Tidsskriftet Røyst vil laga eit nummer om alternativ økonomi, om måten varer, tenester, og kapital blir produsert og distribuert på i dag, og korleis dette kan gå føre seg i framtida. Vi ser difor etter tekster som omhandlar temaa marknadsøkonomi, kapitalisme, organisering av produksjon og tenester, og forbrukarmakt - som kastar lys over eller kritiserer måten desse fenomena er organisert i dag, eller som seier kva med dei som må bli endra for å møte eventuelle problem som er knytt til dei i dag.


Til Røyst #14 ønskjer vi bidrag som på ulike vis tek opp i seg denne tematikken. Vi tek imot fagtekstar, essay, skjønnlitteratur og kortare kommentarar på mellom 500 og 4 000 ord.


Vi ønskjer kunstnariske bidrag i form av både prosa, fotografi, biletkunst og illustrasjonar. I første omgang treng du berre ein idé, ein problemstilling eller ei kort tekstskisse, og så kan vi utvikla ideen vidare saman. Vi oppmodar særleg urøynde skribentar og bidragsytarar frå Vestlandet om å senda inn bidrag. Utvalde bidrag av høg kvalitet vert honorert etter avtale.


Du kan fritt velja målform, men vi vil gjerne oppmode våre skribentar å skrive på nynorsk.


Send oss din idé eller ditt utkast på post@royst.no så fort som mogleg, og seinast innan 04.06.2020 Merk eposten med “Røyst #14”.

Nettredaktørar: Mari Gjengedal og Johan Elfving 

Følg oss på Instagram

Org.nr. 912801624
Kontonummer:
3633.54.45591

Tidsskriftet Røyst
c/o Thor Olav Iversen
Baneveien 39, 5010 BERGEN

Følg oss på Facebook