Send oss ditt bidrag til Røyst #13!


Røyst #13: Byggja landet - bruk av land og hav Vi etterlyser bidrag til neste nummer av Tidsskriftet Røyst. Røyst #13 vil ha fokus på næring, industri og distriktspolitikk. Vi spør: Kva skal vi leva av? Kva for ressursar må vi byggja framtidas næringar på? Kva for ein politikk treng vi for å byggja nye arbeidsplassar og handfaste verdiar innanfor ein ny, grøn og berekraftig samfunnsmodell?

I Røyst #13 vender vi tilbake til naturressursane. Her vil vi rette fokus mot verdiane som finst rundt omkring i heile landet vårt – til lands og til havs. Greitt nok, teknologi og informasjon er viktig i kunnskapssamfunnet, men vi kan ikkje alle leva av å laga appar. Vi treng mat, vi treng kraft, og vi treng berekraftige produkt som vert laga gjennom ansvarleg forvalting og hausting av naturen.


Etter oppdaginga av olje i Nordsjøen, har fokuset på distriktspolitikk og norsk fastlandsindustri vore sterkt dalande. Tal gardsbruk har gått ned frå 155 000 til 39 000 dei siste femti åra. Bygdene vert stadig meir tømt for folk. Vasskraft, fisk og tømmer, som tradisjonelt har stått for den viktigaste verdiskapinga i Noreg, går no i stadig mindre grad til nasjonal verdiskaping. Treforedlingsindustrien ligg med broten rygg, vi eksporterer vassrkaft heller enn å bruka den på nye industrieventyr, og Nord-Norge slit med å få fisken i land.



Dette er resultat av ein villa politikk. Den overdrivne trua på marknadsliberalismen, laissez-faire og «nøytral» næringspolitikk har ført til nedbygging av industriarbeidsplassar, sentralisering, eit meir usikkert arbeidsmarknad og storskala utflagging av norsk industri. Importen stig, medan norske bedrifter vert selt. Handelsbalansen til fastlands-Noreg viser no eit underskot på 275 milliardar kronar. Vi vert stadig meir avhengig av ein døyande oljenæring medan kunnskapen om, og strukturane for, anna verdiskapande arbeid sakte forvitrar. Venstresida har abdisert frå distrikta, og overlete til Senterpartiet å fylle vakuumet, med det til følgje at dei fossar fram på målingar - i spissen for det som byrjar å likna på ei moderne folkerørsle.


I møte med det dominerande økonomiske paradigmet har venstresida fram til no vore famlande og utan tydelege løysingar for korleis vi skal få til den storskala arbeids- og næringsomstillinga vi treng for å byggja vårt nye land i ein berekraftig, klimaomstilt og kortreist verd. Oppgåva framover vert å samla ein slagkraftig venstreside om tydelege, medvitne og offensive løysingar som set distrikta, naturressursar, nasjonal verdiskaping og lokalt eigarskap tilbake til sentrum av næringspolitikken.

Til Røyst #13 ønskjer vi bidrag til på ulikt vis tek opp denne tematikken. Vi tek imot fagtekster, essay, skjønnlitteratur og kortare kommentarar på mellom 500 og 3000 ord. Vi ynskjer kunstnariske bidrag i form av både prosa, fotografi, biletkunst og illustrasjonar. I første omgang treng du berre ein idé, ein problemstilling eller ein kort tekstskisse, og så kan vi utvikla ideen vidare saman. Vi oppmodar særleg urøynde skribentar og bidragsytarar frå Vestlandet om å senda inn bidrag. Utvalte bidrag av høg kvalitet vert honorert etter avtale.

Send oss din idé eller ditt utkast på post@royst.no så fort som mogleg, og seinast innan 15. Mars! Merk eposten med “Røyst #13”.

Nettredaktørar: Mari Gjengedal og Johan Elfving 

Følg oss på Instagram

Org.nr. 912801624
Kontonummer:
3633.54.45591

Tidsskriftet Røyst
c/o Thor Olav Iversen
Baneveien 39, 5010 BERGEN

Følg oss på Facebook