Redaksjonen si røyst: #14 - Alternativ økonomi


Illustrasjon: Synne Sørgjerd


Det blir stadig meir tydeleg at vi står ovanfor eit vegskilje i møte med kapitalismen.

I dag produserer vi meir varer og tenester enn nokon gong i mennesket si historie. Likevel veks den økonomiske ulikskapen i rekordfart. Store deler av verdas befolkning er dårlegare stilt i dag enn dei var for eit par tiår sidan, medan dei rike har blitt endå rikare. Omkring ein milliard menneske lever i djup fattigdom, samtidig som eit fåtal velt seg i tilsynelatande grenselaus rikdom. Rikdommen på toppen av samfunnet har opphav i ein hemningslaus produksjon av varer og tenester, som held fram trass i utsleppa vi veit følger med dei. I jaget etter profitt blir både mennesket og omgjevnadane våre ofra, i en prosess politikarane anten ikkje vil, eller tilsynelatande ikkje kan gjere noko med.

Til trass for at det ikkje er meir enn 12 år sidan førre finanskrise, er det mykje som peiker på at verdsøkonomien igjen er i ferd med å kollapse. Som sist gong er konsekvensane masseoppseiing, konkursar, gjeldsopphoping og monopolisering. Som vanleg er det arbeidsfolk som må ta dei verste konsekvensane for kapitalismen sine feil og manglar, medan dei rikaste blir redda av skattebetalarane sine pengar.

Finst det løysingar på problema vi står ovanfor – økonomisk og økologisk kollaps - innanfor den kapitalistiske økonomien sine rammer, eller må heile systemet bli erstatta? Kva løysingar finst innanfor kapitalismen sine rammer? Korleis vil eit eventuelt nytt system sjå ut?


Teikn abonnement på Røyst og få heile tidsskriftet i posten fire gongar i året


I Røyst #14 har me ønska å kasta oss på debatten om “alternativ økonomi”, som har fått vind i segla dei siste åra. Ein del av det som finst innanfor feltet “alternativ økonomi” er endå nytt, mens andre bygger på lange tradisjonar. Det er likevel ingen tvil om at det konservative og tradisjonsbundne økonomifaget vert stadig meir utfordra etterkvart som alternative økonomiske teoriar og alternative løysingar vert utforska og utvikla. Vår visjon for Røyst #14 har vore å vise eit representativt utval av den breidda som finst innanfor kapitalismekritiske og post-kapitalistiske teoriar og idear på venstresida i dag.

For venstresida treng visjonar og idear om korleis me vil samfunnet skal sjå ut. Det er ein uunnverleg føresetnad for å levera konkrete løysingar for korleis me skal komme oss forbi kapitalismen, mot eit sosialistisk samfunn. Tekstane i dette nummeret bidreg på ulike vis til å levera både visjonar og løysingar, og famnar både eit bredt spekter av tilnærmingar både til reformering av kapitalismen, og til vegen mot sosialisme. Vi synest sjølv vi har funne ein fin blanding av teoretiske og praktiske døme på alternative måtar å organisera samfunnet på. Vi vonar tekstane vil vekke inspirasjon, engasjement og kanskje frustrasjon, men aller viktigast at tekstane stimulerer til vidare tankeleik og diskusjon.

Innleiingsvis synest vi det var naturleg å sleppe til ei av dei som har teke initiativ til å skapa debatt om alternative økonomiske system. Tone Smith frå Rethinking Economics skriv om noko av det teoretiske bakteppet for oppropet for eit nytt økonomisk system som kom no i sommar. Ho argumenterer for kvifor oppropet trengs, kva det kritiserer og greier ut om ulike alternative økonomiske modellar.

Tarjei Ellingsen Røsvoll frå Røyst-redaksjonen kritiserer at dei fleste av venstresida sine idear om alternativ økonomi bygger på uhaldbare føresetnadar om staten. Han argumenterer for at desse føresetnadene må bli problematisert, utviklast, for så å bli bakt inn i ein heilskapleg visjon om eit alternativt samfunn.

Hege Skarrud frå Attac Norge argumenterer for kvifor forbrukarmakt er nyttelaust i et kapitalistisk system der kjøpekrafta, og med det makta, er skeivt fordelt.

Håkon Enøy Hanssen skriv om korleis ein kybernetisk økonomi basert på Stafford Beers’ Viable System Model vil legge eit grunnlag for ein langt meir fleksibel økonomi som er meir tilpassa våre behov. Han argumenterer for at modellen vil gi oss moglegheita til å designe grunnlaget for vår eigen fridom, i staden for at vi skal underkaste oss den kapitalistiske marknaden.

Sofie Marhaug skriv om korleis kunstnarar har mobilisert seg mot kapitalkreftene for å sikra ein fri kunst som er tilgjengeleg for alle. Ho problematiserer om kunsten eigentleg er så fri frå kapitalkreftene som mange trur, men argumenterer for at visjonen om kunsten som åtskilt kapitalkreftene likevel er viktig å halde ved like.

I eit hovudprosjekt for nummeret rapporterer redaksjonsmedlem William Sem Fure frå linefisket på Stadlandet - ei næring som viser veg til større arbeidareigarskap i ei globalisert verd. Her får me eit innblikk i menneska og miljøet som finst på havet og på Stadlandet. Me får høyra om tradisjonane og mytane som sirkulerer rundt yrket, og om dei politiske og økonomiske realitetane til fiskarlivet.

Julie Wood skriv, med utgangspunkt i Tangen-tilsettinga, om filantropiske milliardærar og korleis frivillige donasjonar i astronomiske storleikar er eit symptom på den enorme og aukande ulikskapen i makt og velstand som eksisterer på kloden.

Systrene Reidun og Kjerstin Gjengedal skriv om ulike dagsaktuelle initiativ som er tatt for å finne alternativ til vekstdogmet i økonomien.

Til slutt har me to NOU-kritikkar skrivne av redaksjonsmedlem Johan Elfving og frilansar Elise Winterthun. Johan tar eit kritisk blikk på det faglege og politiske innhaldet, medan Elise ser på dei litterære kvalitetane og retorikken som er nytta i NOU-en. Du finn litt historikk om NOU-kritikkar og vidare skildring av prosjektet mot slutten av bladet, saman med kritikkane.

På vegne av heile redaksjonen vil me ønske dykk god lesing!

Venleg helsing frå redaktørane:

Vemund N. Knudsen

Sten Ravi Lona Shaw

Nettredaktørar: Mari Gjengedal og Johan Elfving 

Følg oss på Instagram

Org.nr. 912801624
Kontonummer:
3633.54.45591

Tidsskriftet Røyst
c/o Thor Olav Iversen
Baneveien 39, 5010 BERGEN

Følg oss på Facebook