Nettredaktørar: Mari Gjengedal og Johan Elfving 

Org.nr. 912801624
Kontonummer:
3633.54.45591

Tidsskriftet Røyst
c/o Thor Olav Iversen
Baneveien 39, 5010 BERGEN

Røystredaksjonen søkjer medlemar!

Har du ein skribent eller ein politisk aktivist i magen? Ynskjer du å bidra til å samla ein slagkraftig venstreside om framtidas radikale politikk? Då vil vi gjerne ha deg med i Røystredaksjonen.


Røyst treng redaksjonsmedlemar som vil bidra til å utvida Røyst sitt nedslagsfelt. Vi er i omstilling, og vil framover ha både fleire arrangement, fleire prosjekter og meir tekstproduksjon. Samstundes vil vi vidareutvikla podcasten vår Radio Røyst, laga godt innhald til nett og sosiale media, og få ein sterkare kunstnarleg og visuell profil. Til dette treng vi ein redaksjon som har ein brei representasjon i både fagbakgrunn og interesser.


Redaksjonen er basert i Bergen og møtast om lag annankvar veke for redaksjonsmøter. Mellom møtene bør ein berekna litt tid til korrektur og anna redaksjonsarbeid. Dei fleste av medlemane er anten studentar eller tidlegare studentar, og vi ynskjer å fortsatt ha ein sterk studentprofil.

Høyrest dette ut som noko som kan passa for deg? Skriv i so fall litt om deg sjølv og din motivasjon i ein epost til post@royst.no!