Røyst #19-20: Latin-Amerika



“Ikkje Amerika, men Amerika”, harselerte Kjartan Fløgstad då han samanlikna oppfatninga om at berre bokmål er norsk, med at berre Nord-Amerika er Amerika. Eit nytt dobbeltnummer av Røyst skal ikkje handle om Amerika, men om Amerika. Det skal handle om Latin-Amerika, både politisk og kulturelt, frå dei første folkeslaga og sivilisasjonane, til kolonialiseringa, revolusjonane og fram til den politiske situasjonen i dag. Med Latin-Amerika meiner me dei spansk-, portugisisk-, og fransktalande delane av Sør- og Mellom-Amerika, samt Karibia. Men tekster som tematiserer dei engelsk- og nederlandsktalande områdene er også velkomne.


I 2022 er det val i den framveksande stormakta Brasil. Det blir etter alt å døme ein kamp mellom fascistisk orienterte Jair Bolsonaro og sosialisten og folkehelten Lula da Silva. Blir det tidenes politiske comeback for venstresida, etter høgresida rotta seg saman og fekk fengsla Lula da Silva urettvis med falske skuldingar? Eller blir det endå eit skuffande nederlag for venstresida?


Eit liknande slag står i Chile. Etter fleire tiår med nyliberalistisk diktatur i skuggen av militærkuppet til Augusto Pinochet, blei det i fjor overveldande fleirtal for ein ny grunnlov. Høgare prisar på kollektivtransport blei siste drope i det som vart ein politisk revolusjon. Per dags dato er det sosialistkandidaten og høgrepopulisten – Pinochet-tilhengjarane sin kandidat – som er vidare til neste valrunde. Vil me omsider sjå revansj for Salvador Allende og Victor Jara, eller undervurderer me støtta – for ikkje å seie makta – til Pinochet-regimet?


I Bolivia blei den sosialistiske presidenten, Evo Morales, urettvis skulda for valfusk, og ein kvit etnosjåvinistisk høgrekandidat tok makta med støtte frå militæret. Vel og merke hadde Evo Morales gjort seg upopulær ved å stille til val for fjerde gang, og slik bryte sin eigen innførte lov om at ein kandidat berre kan stille to gonger. Likevel, etter eitt år med utsetjingar, politivald og regjeringsstøtta drap på urfolk og sosialtilhengjarar, gjorde MAS (Bevegelse for Sosialisme) eit brakval med siger allereie i første valrunde. Dette trass i at det var spådd eit jamnt val. Men korleis er eigentleg ståa i Bolivia etter snart to tiår med sosialiststyre? Kva rolle kan Bolivia, med verdas største litiumgruver, spele regionalt og internasjonalt for det grøne skiftet?


Nokon meiner me ser ei ny “Rosabølge” (sosialistbølge) i Latin-Amerika. Har dei rett? Kva resultat vil det i så fall få? Er venstresida i Latin-Amerika noko den europeiske venstresida bør heie fram? Var den førre Rosabølgen, med personlegheiter som Hugo Chavez, Evo Morales og Lula da Silva, eigentleg vellukka? Korleis har den politiske utviklinga i Latin-Amerika vore, frå dei første sivilisasjonene fram til i dag?


I Vesten slit framleis venstresida med å definere eigne prosjekt og tapar terreng i eit landskap stadig meir prega av høgrepopulisme og sentrumsekstrem liberalisme. I Latin-Amerika går sosialistpartia til val, med stor sjølvtillit, på å t.d. melde landet ut av verdsbanken, bygge ut velferd på landsbygda og nasjonalisere ressursar. Dei står såleis i direkte opposisjon til Nord-Amerikansk kapitalisme, liberalisme og kuppforsøk støtta av USA og landets eigen elite. Har me noko å lære av latinamerikansk venstreside? Verdas lengstlevande demokrati har, etter trumpismen, Kongress-storminga og ein stadig meir autoritær høgreside, fått eit skot for baugen som demokratisk fyrtårn. Kan Sør-Amerika være eller bli ein positiv demokratisk-sosialistisk motpol i ein stadig meir høgreorientert og autoritær verd?


For få tiår sidan snakka ein om “boomen”. Etter revolusjonen på Cuba blomstra kulturlivet i alle ledd, både på Cuba og på det latinamerikanske kontinentet. Mest kjent er kanskje den magiske realismens gjenintrodusering til heile verda, men også musikk og film fekk ein renessanse internasjonalt. Kva var eigentleg “boomen”, kva nedslagsfelt fekk han og ser me endå etterverknadane av han?


Samstundes var Latin-Amerika eit kulturelt kontinent lenge før boomen. Med sin umiskjennelege arkitektur og imponerande bybygging, har Latin-Amerika ein stolt tradisjon med eit særeigent kulturelt uttrykk. Kva kulturelle og estetiske innflytelsar utøvde Latin-Amerika? I dag har latinamerikansk film ein eigen filmfestival i Noreg, CineLatino, og kontintenet har nyleg produsert Oscar- og Gullpalmevinnande filmar - tillegg til ein lang og stolt filmtradisjon. Kva kjenneteiknar kulturelle uttrykk frå Latin-Amerika, og korleis har dei influert andre, både regionalt og internasjonalt?


Røyst ønsker ditt bidrag til vårt neste dobbeltnummer. Vi tek imot fagtekster, essay, skjønnlitteratur og kortare kommentarar på mellom 500 og 3500 ord. Vi ønskjer òg kunstnariske bidrag i form av både fotografi, biletkunst og illustrasjonar. Vi oppmodar særleg urøynde skribentar og bidragsytarar frå Vestlandet eller Latin-Amerika om å sende inn bidrag. Bidrag vert honorert etter avtale.


Du kan fritt velje målform, men me vil sterkt oppmode alle skribentar til å skrive på nynorsk.


Send ditt bidrag og ferdig utkast med emne “Røyst 19-20” til post@royst.no innan 1. mars.