No kjem Røyst fire gongar i året!


Heilt sidan Tidsskriftet Røyst vart skipa i 2014, er det komen ut med to doble, tematiske numre kvart år. Røystredaksjonen har lenge ønskt å auka produksjonen, og i det siste har vi arbeidd mykje for å omstilla drifta slik at vi kan få jamnare publisering og meir aktuelt stoff.


Vi er no glade for å kunne annonsera at vi i 2020 aukar utgjevingane til fire numre i året. Abonnement teiknar du her.

Kva vil dette ha å seia for deg som abonnent? Du vil få Røyst heim i posten dobbelt så ofte. Blada vil verta noko kortare, men ikkje veldig. Prisen på kvart nummer går frå 100,- til 90,- og prisen for eit årsabonnement kjem på 360,- (500,- for organisasjonar).


Som abonnent vil du motta faktura for dei resterande numra for 2020 (#13 og #14) i april/mai. Etter dette vil du framover få faktura for eit år av gongen. Faktura for 2021 kjem i november/desember.



Nettredaktørar: Mari Gjengedal og Johan Elfving 

Følg oss på Instagram

Org.nr. 912801624
Kontonummer:
3633.54.45591

Tidsskriftet Røyst
c/o Thor Olav Iversen
Baneveien 39, 5010 BERGEN

Følg oss på Facebook