Bli med i Røystredaksjonen!

Har du lyst til å bli med å vidareutvikla eit av dei mest spanande politiske prosjekta i Noreg?


No er august her, og med er det nytt opptak i Røyst-redaksjonen!


Røyst er tidsskriftet som samlar ein slagkraftig venstreside om framtidas radikale politikk. Vi har det siste året opplevd ei rivande utvikling. Vi søkjer no nye, engasjerte medlemar til redaksjonen som vil bidra til Røyst sin vidare vekst. Vi gjev ut fire tidsskrift i året. I tillegg produserar vi tekst for nett, arrangerer arrangement og produserar podcast.


Vi har mange ballar i lufta, og ynskjer ei brei samansetning av kompetanse og bakgrunn i redaksjonen. Du bør vera interessert i tekst og skriving, men du treng ikkje ha mykje røynsle. Vi ser og etter folk med interesse for kommunikasjon, organisasjonsdrift, kunst eller andre kreative felt.


Det viktigaste er at du kan vera med på vekentlege redaksjonsmøter i Bergen, og har lyst å investera tid og krefter på Røyst i lag med ein hyggeleg gjeng. Det er og eit fortrinn om du er student.

Høyrest dette ut som noko som kan passa for deg? Skriv i so fall litt om deg sjølv og din motivasjon i ein epost til post@royst.no!

Nettredaktørar: Mari Gjengedal og Johan Elfving 

Følg oss på Instagram

Org.nr. 912801624
Kontonummer:
3633.54.45591

Tidsskriftet Røyst
c/o Thor Olav Iversen
Baneveien 39, 5010 BERGEN

Følg oss på Facebook