Karbonavgift

KARBONAVGIFT TIL FORDELING — SISTE SJANSE FOR Å NÅ UTSLIPPSMÅLA?

Forfatter

Ivar Espås Vangen

Illustrasjon

Catrine Kooyman


Standardsvaret frå radikale sosialistar på spørsmålet om korleis vi skal fikse klimakrisa har stort sett vore at vi må bryte med kapitalismen. Men er det så enkelt?

For kva om vi ikkje får sjå nokon verdsomspennande sosialistisk revolusjon dei neste ti åra? Er det einaste alternativet at vi vil sjå krig over ressursmangel, folkemord som følgje av manglande vilje til å hjelpe dei mange millionar som må flykte, at menneskeleg sivilisasjon går eit fullstendig samanbrot i møte? I så fall kan det sjå ut til at valet står mellom sosialisme og barbari.

Eg vil argumentere for at dette er ein altfor simpel analyse. For det første blander ein saman klimaproblemet med andre miljøproblema. Sjølv om dei heng saman, må vi også vera ærlege på at klimaspørsmålet – problemet med auka CO2-innhald i atmosfæren – er noko anna enn utrydding av artar, forsuring av hava, fosforkrisa og energikrisa. Ein kan løyse noko av dette utan å løyse alt. For det andre trur eg slagord som slår fast at ein grøn kapitalisme er umogleg gjer at ein speler seg ut på sidelinja i debatten om konkrete løysningar vi kan innføre allereie no. For er det eigentleg sånn at all tenkeleg kapitalistisk praksis vil være avhengig av fossile brensler?

«slagord som slår fast at ein grøn kapitalisme er umogleg gjer at ein speler seg ut på sidelinja i debatten om konkrete løysningar vi kan innføre allereie no »

Løysningane våre politikarar presentert for oss frem til i dag fungerer openbart ikkje. Verken kvotehandel eller elbilar har vist seg å vera nok. Sia Kyotoprotokollen vart vedteke i 1997 har dei globale CO2-utsleppa steget med om lag 3 prosent kvart år, mot eit gjennomsnitt på 1,5 prosent i åra forut.[1]

Klimaendringane bringer med seg meir ekstremvêr, her illustrert med eit lynvêr over New York. Foto: Ian Froome/Unsplash

Problemet er like enkelt som det er komplisert. Sjølv om vi har dei objektive forutsetningane for å løyse krisa i dag, er det framleis billigare for både kapitalen, statar og privatpersonar å velje fossilt framfor grøne løysningar, stort sett. Tradisjonelle avgifter har vist seg å bli satt for lavt til at det har nokon eigentleg effekt på forbruket. I dei tilfella kor dei begynner å monne, blir dei raskt uhyre upopulære blant folk. Stort sett gjer dette berre at politikarane blir særs upopulære, no vi for eksempel kan sjå på debattane om flyseteavgifta og bilavgiftene. I verste fall får vi tilstandar som i Frankrike med dei gule vestane, kor nyliberale forsøk på å sende rekninga til vanlege folk utartar til reine opprørstendensar. Det vi treng i dag er derfor å samle oppslutnad om tiltak som kan auke prisen på utslepp, og som samtidig sender rekninga til dei rette folka og ikkje til vanlege folk.Eg høyrte fyrst om «Karbonavgift til fordeling» (heretter KAF) gjennom diskusjonar som gjekk i Raud Ungdom for nokre år tilbake. Tanken er enkel: Staten, eller gruppa av statar, må legge ein avgift på produksjonen av olje, kull og gass, som må vera stigande år for år. Dette vil føre til at fossilt brensel, og varar og tenester som nyttar dette, vil bli dyrare og dyrare over tid. Produsentar og forbrukarar blir dermed oppmuntra til å søke løysningar som ikkje krevjar same forbruk av karbondioksid og andre drivhusgassar. Det at avgifta er meint å vera stigande, gjer også at ein får tid til å omstille seg. Ein kan på denne måten ganske enkelt planlegge og budsjettere inn korleis ein skal gå over frå fossilt til fornybart.

Ein fordel med KAF er at den, i motsetning til kvotemekanismane innanfor Kyoto-protokollen, ikkje opnar for at statar kan komme seg unna ved å kutte i andre klimagassar enn CO2, slik som metan. Ein kan heller ikkje lenger kjøpe seg ut gjennom å plante trær eller betale for andre antatt grøne tiltak i andre land. I tillegg vil det ikkje bety eit einsidig utsleppstak som får prisen på karbon til å falle, og dermed forbruke til å stige andre stadar. Heile poenget med KAF er jo å auke karbonprisen slik at han ikkje lenger skal falle og prise ut fornybart.

Men her kjem det spesielle: I staden for å krevje inn dette som «normale» avgifter kor politikarane kan bruke gevinsten på kva dei måtte ønske, skal heller alle statens borgarar få tilbake eit flatt beløp rett på konto kvar månad eller kvart år. Om ein har eit lågt karbonavtrykk, kor ein ikkje bruker så mykje pengar på varar og tenester som vil bli ramma av prisaukinga på karbon, vil ein difor komma positivt ut. Har ein derimot eit høgt karbonavtrykk med mykje forbruk, vil ein i meir eller mindre utstrekning truleg tape økonomisk på dette.

Dette med at avgifta skal betalast tilbake til innbyggarane, er eit sentralt prinsipp. Ikkje berre er det ein måte å sikre god omfordelingspolitikk på. Den amerikanske klimaforskaren James Hansen meiner for eksempel at om lag 60 prosent av amerikanarane vil komma positivt ut av ein slik avgift i dag, sjølv utan å endre forbruket sitt.[2] Med ein avgift som begynner på 15 dollar per tonn CO2, og dermed aukar med 10 dollar årleg, vil ein med dagens forbruk i USA tene inn 600 milliardar dollar årleg. Det betyr om lag 2000 dollar per vaksne person.[3] I USA blei det estimert at karbonfotavtrykket til den rikaste femtedelen i landet var meir enn tre gongar så stor som tredelen med lågast inntekt.[4]

Dette er truleg også ein føresetnad for at folk skal godta det i det heile. USA er rett nok eit land kor folk er meir skeptiske til avgifter enn dei fleste andre land. Likevel viser meiningsmålingar at folk blei klart meir vennleg innstilt til ein karbonskatt dersom dei visste at pengane skulle betalast tilbake til innbyggarane. Ein meiningsmåling viser at heile 67 prosent av den amerikanske befolkninga, og til og med 49 prosent av dei republikanske veljarane, var opne for å støtte ein slik løysning.[5] Dette seier mykje. Vi pratar tross alt om folket som valte ein president som meiner klimaendringar er «kinesisk lureri».[6]

Slik verden fungerer i dag, kor det tross alt er sjølvstendige statar som vedtek politikk, er det utruleg vanskeleg å få alle til å bli einige om konkret politikk. Ein fordel med KAF er at den ikkje forutset at alle land må vera einige først. Både stormakter, grupper av land eller småstatar kan vera først ute. Dette fungerer gjennom at ein i tillegg til nemnte avgift på produksjonen av karbon, også innfører ein importavgift på alle varar som vert importert frå land som ikkje sjølv har ei eiga KAF-avgift. Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre for land som har eigen produksjon av kol og olje, men også for land som har annan eksport.

Dette gjer for det første at også land som ikkje sjølv er produsentar av kol og petroleum kan kutte i sine indirekte utslepp gjennom innanlands forbruk, og for det andre at det plutseleg kan bli lønsamt å trekke tilbaka ein del industriproduksjon som tidlegare har vorte flagga ut. Som dei fleste veit er det i dag ofte mest lønsamt å flagge ut industri og produksjon til fattigare land på den andre sida av kloden, for så å importere varane tilbake på lasteskip. Med KAF vil dette truleg bli mykje dyrare, og mekanismen kan dermed bli ein del av løysninga for oss på venstresida som lenge har snakka om kor viktig det er å ha lokal industri og produksjon som ledd i det grøne skiftet. Dette er en relativt enkel måte å få bukt på unaudsynte verdi- og eksportkjedar kloden rundt. Sjølv proteksjonistiske politikarar bør fatte interesse for akkurat dette.

«Ein meiningsmåling viser at heile 67 prosent av den amerikanske befolkninga, og til og med 49 prosent av dei republikanske veljarane, var opne for å støtte ein slik løysning»

Dette skapar sjølvsagt insentiv for land til å innføre KAF. Om eit land kan bevise at dei har innført ein slik avgift, vil ikkje lenger eksportvarene deira bli avgiftsbelagt. Vi må ikkje overdrive kor mykje det vil bety at Noreg aleine innførar ein slik ordning. Men kva om USA, Kina eller EU gjer det?

I Noreg oppstår det ofte hard kamp mellom industrien og miljørørsla når ein diskuterer klimapolitikk. Nokre gongar er dette heilt naudsynt, men andre gongar dreier det seg om at ein ikkje har vore villig til å meisle ut politikk saman på forhånd. Ein vanleg innvending mot KAF er at norsk eksportindustri vil bli skadelidande om vi er fyrst ute med ein slik politikk. Ein løysning på dette kan vera at ein refunderer avgifta på dei varane industrien eksporterer ut av landet, med mindre mottakarlandet har innført KAF sjølv. Om mottakarlandet har innført KAF, vil avgifta høyre til produksjonslandet, og mottakarlandet vil ikkje kunne krevje inn importavgift.

Ingenting av det her er meir komplisert enn tidlegare reglar for avgift og toll på handel.  Illustrerande nok var forslaget om KAF som blei levert til Kongressen i USA for nokre år sia på berre 21 sider. Hovudforslaget om kvotehandel, derimot, var på 1500 sider – sjølv om KAF- forslaget truleg hadde hatt tre gongar så høg utsleppsreduksjon.[7] Forskjellen frå kvotehandel er at ein her har eit tydeleg siktemål: land som kan bevise at dei har innført KAF vil ikkje trenge å betale importtoll. Dersom eit land har innført ordninga, er varane allereie ramma av avgifta i sjølve produksjonen, og treng derfor ikkje å skattast enda ein gong.

Her er det mogleg å sjå potensielle dominoeffektar. Om eit stort land innfører KAF, vil det raskt bli svært dyrt for andre økonomiar å ikkje følgje etter. Kvar stat vil sjølvsagt gjera sitt for å sikre at avgifta ikkje tilfall andre land så langt det lar seg gjera. Det er derfor ikkje heilt utenkeleg at land som per i dag er sinkar i klimapolitikken kan få fart på seg dersom dei ser lønsamheita ved å vera tidleg ute.

Ein anna vanleg innvending mot KAF er at det er enklare å leve klimavennleg i dei store byane enn i distrikta. Sjølv for meg som bur i ein by med over 150 000 innbyggar, er det ein stor overgang å vera på besøk i Oslo, kor kollektivtilbodet både er billegare og meir effektivt. Eg skjønner godt at mange av dei eg kjenner frå Oslo ikkje har nokre planar om å ta førarkort i nærmaste framtid. Sånn er det sjølvsagt ikkje for heile landet. Regelen i Noreg er at det er langt å reise for sjølv små ærend, ikkje minst i forbindelse med arbeid. Om eg blir forbløffa over kor bra kollektivtilbodet er i Oslo, blir eg like slått av kor hjelpelaus ein fort kan vera andre stadar i landet om ein ikkje har tilgang på bil.

Så korleis løyser ein distriktsspørsmålet? Eg har openbart ikkje alle svara på dette. Forhåpentlegvis vil ein utgreiing av meir profesjonell art finne ut dette. Eg nøyer meg med å si at det ikkje vil vera noko i vegen med at folk som bur i nokre kommunar kan få eit høgare beløp tilbake på konto enn andre. Like lite som at klimakampen må bli ein kamp mellom folk med høg og låg utdanning, må det ikkje vera slik at den tek form som ein kamp mellom by og land.

Eg trur KAF kan bli ein vinnarsak for venstresida i Noreg. For det første er det snakk om ein sosial avgift med ein viss omfordelingsmekanisme. Dei aller fleste av oss vil truleg gå i pluss sjølv om vi ikkje endrar livsstilen vår noko særleg, men kan truleg gå enda meir i pluss om vi tek nokre enkle grep i kvardagen. Å gjere klimabevisste val blir da ikkje berre ein greie for å posere og vise kor flink ein er, men også noko som vil manifestere seg på eins eigen konto. Avgifta står dessutan ikkje i motstrid til venstresidas tradisjonelle miljøpolitikk. For det andre er det ein målretta politikk som direkte grip inn i kjerneproblemet: Nemleg at det (akkurat no) er utruleg lønnsamt å utvinne olje, kol og gass. For det tredje er det veldig enkelt å kommunisere grunnprinsippa til folk: Ein avgift som rammar produksjonen av karbon, som betalast tilbake til oss innbyggarar – ikkje til stat og politikarar. Dette er viktig i demokratiske land som Noreg, kor klimasaka kan virke fjern, besteborgarleg og hyklerisk for folk flest.

«Like lite som at klimakampen må bli ein kamp mellom folk med høg og låg utdanning, må det ikkje vera slik at den tek form som ein kamp mellom by og land»

Eg trur det er heilt naudsynt at noko av den grunnleggjande klimapolitikken Noreg må føre i framtida bør vera tverrpolitisk. Så får det heller vera slik at dei meir radikale tiltaka får komma når venstresida sitt med makta. Men er det mogleg å få høgresida med på KAF? Eg meiner det. Sjølv i Det Republikanske Partiet i USA finst det organiserte kreftar som kjempar for dette.[8] I eit overraskande godt utarbeida forsvarsskriv for KAF forklarer dei støtta si med at den både vil hjelpe vanlege amerikanarar, at den kan erstatte mykje offentleg byråkrati, og kanskje viktigast: At ein nyttar marknadskreftene til å oppmuntre til konstruktivt privat initiativ.[9]

I Norge har ikkje høgresida vore like interessert. Unntaket har vore Tankesmia Civita, som i eit notat var inne på tanken om ein karbonavgift som kunne auke over tid. Haka er at dei helt medvite ikkje ønsker den same sosiale profilen, men tvert imot understrekar at «for å minimere konflikt bør skattereduksjonane kome på ein måte som gjer at ein ikkje endrar overføringane mellom ulike grupper, slik at ein unngår å forskyve samfunnskontrakten».[10] Reine ord for pengane, kan vi vel si. Eg trur likevel ikkje det er umogleg å få ei norsk høgreside på defensiven med på idéen om ein slik avgift. Også høgrekreftene ser ut til å bli meir og meir opptatt av å leite etter løysningar som ikkje inneber å true sjølve systemet.  Men skal det her bli vellykka, er det heilt naudsynt at venstrekreftane, både dei politiske partia, fagrørsla og miljøorganisasjonane, insisterer på prinsippet om at avgifta skal tilbakebetalast til folk. Elles er faren stor for at han endar som enda ei avgift som sender rekninga til vanlege arbeidsfolk.

I tillegg til dette vil også avgifta uansett ha eit midlertidig preg over seg. Hensikten er å fase ut bruken av fossile energikjelder. Følgeleg, dersom avgifta er vellykka, vil inntektene minske over tid. Det er ikkje klokt å basere offentlege finansar på ein avgift med ein så openlys sluttdato. Prinsippet om tilbakebetaling trur eg derfor er heilt sentralt for at KAF skal kunne seljast inn som noko «nytt».

«Tidshorisonten er så prekær at vi ikkje har råd til å vente på at ein allianse av verdas radikale, grøne og sosialistiske parti vinn regjeringsmakt i dei største landa. Da er vi nøydt til å komma med tiltak som kan vinne brei oppslutnad, som kan settast i verk fort, og som raskt vil få ned utsleppa våre».

Kven er det som støttar KAF i dag? SV skriv i sitt arbeidsprogram at dei vil auke CO2-avgifta og «vurdere» å erstatte den med ei karbonavgift til fordeling, og i Raudt sitt program står det at partiet vil skape «folkeleg mobilisering» for KAF. På Stortinget er det likevel berre Rasmus Hansson (MDG) som har fremma direkte forslag om ei slik ordning, så vidt eg veit. I tillegg har Naturvernforbundet vedtatt at dei støtter ordninga.[11]No står arbeidet for å få fagrørsla og minst eitt borgarleg parti med på laget

Tida hell nemleg på å springe frå oss. Eg meiner at tidshorisonten er så prekær at vi ikkje har råd til å vente på at ein allianse av verdas radikale, grøne og sosialistiske parti vinn regjeringsmakt i dei største landa. Da er vi nøydt til å komma med tiltak som kan vinne brei oppslutnad, som kan settast i verk fort, og som raskt vil få ned utsleppa våre. Det internasjonale kvotesystemet har openbart ikkje fungert, men det har heller ikkje nokre andre strategiar gjort. Slik eg ser det er KAF den einaste reelle moglegheita vi sitt igjen med om vi skal ha nokon som helst sjanse til å få ned utsleppa tidsnok.


[1] Hansen, James. «Om nødvendigheten av en karbonavgift til fordeling». Vardøger 35(2015): 92.

[2] Hansen, «Om nødvendigheten», 92.

[3] Hansen, «Om nødvendigheten», 95.

[4] Bellamy Foster, John. «James Hansens strategi for å avverge klimaendringene». Vardøger 35 (2015): 101.

[5] Carbon Tax Center. «Polls, August 2018: Yale Maps of Public Opinion on Climate Change and Policy». 2018.

[6] Jacobson, Louis. «Yes, Donald Trump did call climate change a Chinese hoax». Politico. 03.06.2016.

[7] Bellamy Foster, «James Hansens strategi», 101.

[8] Schwartz, John. «A Conservative Climate Solution’: Republican Group Calls for Carbon Tax». The New York Times. 07.02.2017.

[9] The Climate Leadership Council. «The Conservative Case for Carbon Dividends: How a new climate strategy can strengthen our economy, reduce regulation, help working-class Americans, shrink government & promote national security». 2017.

[10] Saksvikrønning, Håvard. «Karbonavgifter som nullsumskatt: Forslag om jamt stigande klimaavgifter med nøytral inntektsresirkulering». Oslo: Civita, 2015, 12.

[11] Naturvernforbundet, «Hva er karbonavgift til fordeling (KAF)?».