Komande nummer

Temaskildring Røyst #12: Staten


Når venstresida foreslår sine løysingar, finn ein ikkje reint sjeldent ein innvending frå høgresida om at staten ikkje kan gjera alt. Når høgrepolitikarar spør korleis «verdiar skal skapast» utan eigarar, verkar det som om dei ikkje forstår at også staten kan gjera som næringslivet. Men kan staten berre ta over ei bedrift og tene pengar på den som om den var ei privat verksemd? Om ein ser på venstresidas politikk verkar det nesten som om staten kan gjera kva som helst, men er det so enkelt? I dette nummeret ønskjer vi å stille dei fundamentale spørsmåla, som kva staten er, kva dens avgrensingar er, kva som er skilnaden på «staten»  og «samfunnet», og liknande. Vi vil utfordre forfattarane til å ikkje akseptere staten som ein sjølvfølgje, og det inkluderar det viset staten uttrykkjer seg sjølv på – gjennom «offentlig myndigheit», «lov», «rett» eller «regulering». Korleis er slike formar for myndighetsbruk distinkt frå andre? Kva er dei eigna for, og kva er dei mindre eigna for?

Ein slik problematikk – å ikkje ta staten som noko sjølvsagt – kan handterast av den enkelte skribent på mange forskjellege vis. Nummeret inviterer til eit omfattande spenn av tekstar, så lengje dei kretsar rundt eit felles kritisk perspektiv til omgrepa vi nyttar om staten. Vi vil no gje nokon døme på korleis det kan gjerast.

I Noreg rundt 1900-talet, veks ingeniørens skikkelse frem som den sentrale intellektuelle i samfundet. Hans (det var alltid ein mann) metoder for å byggje ei perfekt bru i tråd med naturens lover, skulle omsetjast til samfunnet. Gjennom den sosiale ingeniørkunsten kunne konfliktar i samfunnet løysast på bakgrunn av kompromiss og forsoning. Kriminelle kunne reformerast, fattige kunne arbeida, barns skjebne skulle ikkje berre bestemmes av kven deira foreldre va. Med sosialistane blei den sosiale ingeniørkunsten realisert gjennom planen. I dagens samfunn heiter det hverken sosial ingeniørkunst, eller plan, men regulering. Ein regulert marknad er noko alle ønskjer – men kva vil det seie å regulera? Er det noko forskjell mellom regulering og planleggjing? Kan vår tids kanskje største kollektive utfordring – klimakrisa – løysast med «regulering av marknaden» og institusjonar som «nudger» borgarane til rettvis handling? Kvifor er det slik at statens rolle i det økonomiske og sivile samfunn endrar seg frå ein aktiv inngripar, planleggjar, ein ingeniør, til ein passiv regulator som berre set rammene for sosialt samkvem?

Klima, og flyktningekrisa, syner også ei anna problemstilling. I møte med desse har det globaliserte samfunnet spelt fallitt. Private investorar «rettar» sikrast gjennom internasjonale valdgiftsløysingar, handel flyt (og flyr) som aldri før, og kapitalen kan flytja seg kvar den vil på eit blunk. Samstundes ser det meir eller mindre umogleg ut å redusere utslepp på fleire stadar på sama tid. Elbilar reduserar lokale utslepp, men sprengjer alle grensar for utslepp i produksjonslanda kvar einaste dag. I Greenpeace sitt søksmål mot den norske staten, la domaren til grunn at norsk olje som ble svidd på kontinentet, ikkje kunne medreknast norske utslepp. Det var bare produksjonsutsleppane som telte. Vesten bomber Libya, finansierar IS, sel våpen til Saudi-Arabia, for så å meine at vi ikkje kan redde flyktningar frå ein våt og kald død i middelhavet. På same tid sendast patruljar og skip til Hormuzstredet. Dømene synar korleis statane i ein utenrikspolitisk kontekst gjer det same som kapitalistar har gjort: Privatize the profits, socialize the costs. Men kva er orsak til situasjonen? Er det eitt resultat av dårleg politikk, eller meir fundamentale begrensningar i kva staten kan gjera som ligg bak? Er EU- og EØS-medlemsskap ein naudsynt føresetnad, eller eit absolutt hinder, for å gjere noko?

Multinasjonale megakorporasjonars relasjon til staten er eit tilknytta, men anna spørsmål. Dei kunne ikkje eksistert uten staten, for uten staten, ingen rettsleg form korporasjonen kan inneha, inkje frikort ved konkurs, ingen mor- og dotterselskap. Men som trollmannens lærlig har korporasjonane no vekse seg så store at sjølv dei rikaste vestlege landa står maktesløyse i møte med grove overtramp på skatte-, arbeids-, sosial- og andre former for lovgjevnad som før har verna borgarane. Verdas star får tilsynelatande mindre kontroll og makt over dei fleste av desse prossesen Men er dette eigentleg noko nytt? Var ikkje Nygaardsvold like makteslaus (eller mektig) mot kapitalstreikane på 1930-talet, som Støre-regjeringa vil vere på 2020-talet? Og om vi er makteslause, korleis kan vi endra staten på ein måte som gjer oss mektige igjen? Om det har vore gjort før, korleis kan vi ta makta på nytt?

På same tid som staten står overfor ein internasjonal makt utan samanlikning, må ein samstundes ikkje gløyma korleis statens relasjon til eigen geografi har utvikla seg. Meir avanserte kommunikasjonsnettverk, tunellar, bruer, fly og anna infrastruktur gjer det mogleg for den sentraliserte statsmakta å spre makta si mykje meir enn tidlegare. Korleis påverkar sentraliseringa av makt demokratiske borgarar sin relasjon til statsmakta? Er det mogleg, ønskeleg og naudsynt å kollapsa skilnaden mellom sentrum/periferi, og korleis medverkar staten til ei slik utvikling?

Ein kan heller ikkje diskutera staten uten å sjå på dens rolle som einaste legitime utøvar av valdeleg makt. Barn sit på Trandum, bevisstlause blir deportert, demonstrasjonar blir stogga, vareblokkadar oppheva, og alt skjer med ei omfattande fysisk statsmakt. Kva er politiet og den fysiske makta si rolle i dagens samfunn? Er alle politifolk dritsekkar, eller har SV-medlem Dara Goldar rett når han argumenterar for at det er eit problem med ein aukande «Fuck the police»-mentalitet? Samstundes kan ein stilla spørsmål ved om den reint fysiske makta er dominerande. At myndigheitene både overvåkar oss og ønskjer å overvåka oss meir, er openbert. Alle transaksjonane blir loggført, telefonsamtalar registrerast og «radikaliseringsprosessar» observerast av politifolk bak ein skjerm. Korleis påverkar ein slik overvåkning og disiplinering sivilsamfunnets moglegheit til å halde staten ansvarleg?

Emnet som forhåpentlegvis engasjerar mest er sjølvsagt den eviglange diskusjonen mellom sosialistar, anarkistar, kommunistar og sosialdemkratar: Kven tjener staten? Er staten «borgarskapets sentralkomité», eller eit verktøy like formeleg som plastelina? Skal den overtakast og gjerast til proletaranes diktatur? Eller må den knusast før vi kan gjera noko som helst? Er det i det heile noko som kan kallast «staten», eller er den bare ein sum av institusjonar, menneskelege handlingar og sosiale relasjonar? «Is there such a thing as ‘state power’»? Vil staten og jussen «vitre bort»?

Med tekstar som historiserer, problematiserer og utfordrer staten som et objekt, subjekt, og som fakta overhodet, vil dette nummeret syne nye sider ved staten. Eitt bredt spenn av problemstillingar vil gjera det mogleg for einkvar å bidra, anten kompetansen finnast i abstrakt statsteori, eller konkret politikk. Alt dette nummeret krev er at man ikkje tar staten for gitt.

Interesserte oppfordrast til å sende inn idéskissar og utkast, som i samarbeid med redaksjonen jobbast frem til ein endeleg tekst. Vi tek hjarteleg i mot alt frå kunstneriske bidrag til sakprosatekster. Frist for å sende inn tekstidéar til post@royst.no er 15. september. Vi godtgjer tekstar med 2000 kr etter avtale, normalt dersom teksta i trykt form er over 3000 ord.