Om tidsskriftet

Røyst er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift som skal vere ei plattform for diskusjon og nyvinning på tvers av partilinjer på venstresida. Tidsskriftet er basert i Bergen og ynskjer å styrke politisk initiativ på Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn.

Noreg er i internasjonal målestokk eit særs sentralisert land, med korte avstandar mellom toppar i mediene, politikk, byråkrati og næringsliv. Med unntak av enkelte almisser frå Victor Normann, er framleis våre viktigaste institusjonar samla på ein stad med korte avstandar mellom både institusjonar og posisjonar. Vi ynskjer å skape politisk initiativ utanfor maktas tinde i Oslo. Ei utfordring må ofte kome frå utsida, og vårt tidsskrift vert basert i Bergen.

Alle redaksjonsmedlemmane i Røyst er studentar med bakgrunn frå ulike institusjonar for høgare utdanning i Bergen. Stiftarane har bakgrunn frå mellom anna økonomistudium, jus, sosialantropologi, historie, sosiologi, filosofi og kunsthøgskulen. I tillegg har vi brei organisasjonserfaring frå studentmedium, politikk og kultur.

 

OMTALE

Omtale av Røyst #1 Frihet i Klassekampen

Skjermbilde 2015-02-24 kl. 17.25.33

(Trykk på faksimilen for større bilde)

 

Naturligvis trenger Norge Røyst – et bergensbasert, politisk tidsskrift på nynorsk er aldri feil.

Kommentator i Bergens Tidende Frøy Gudbrandsen om Røyst.

 

Omtale av Røyst #2 Utkant i Klassekampen

Skjermbilde 2015-02-24 kl. 22.23.46

(Trykk på faksimilen for større bilde)

 

Kvar av artiklane i tidsskriftet er interessante og velskrivne, dei ber i seg eit anna perspektiv eit perspektiv me sjeldan møter i dag. Med ein jamt meir sentralisert meiningsdanning der dei riks-media-autoriserte meiningsdannarane set i Oslo og skaper sine eigne røyndomar utan knapt å sjå ut kafévindauget, set Røyst redaksjonen utanfor Oslo og skodar utover verda.

Bygdeforsker Bjørn Egil Flø har anmeldt Røyst #2 på Rurale refleksjonar

 

Det nye, bergensbaserte tidsskriftet Røyst springer ut av frustrasjon, slik det meste som er verdt å lytte til gjør.

Skrivekollektivet om Røyst.